Hopp til innhald

Fagstoff

Fokuser på verksemda

Ein vanleg feil IKT-medarbeidarar gjer når dei skal gi råd ved planlegging av nye systemløysingar, er at dei fokuserer for mykje på teknologien og for lite på verksemda.
Gruppe av mennesker som bruker futuristisk grensesnitt. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når ei verksemd skal investere i ei ny systemløysing, er det for å løyse dei arbeidsoppgåvene dei har, på ein betre og meir effektiv måte. Teknologien er i seg sjølv ikkje viktig, og svært få verksemder investerer i IKT for teknologien si skuld.

Spørsmålet er derfor ikkje kva system som er best, men kva system som best løyser oppgåvene til verksemda.

Ei investering i eit nytt IKT-system må derfor alltid vegast opp mot den nytteverdien systemet gir verksemda, og i tillegg til teknologi må vi sjå på økonomi, kompleksitet og kor brukarvennleg systemet er.

Viktige spørsmål som få svar, er:

  • Gjer systemet arbeidet meir effektivt?
  • Reduserer systemet kostnadene for verksemda?
  • Oppnår verksemda noka form for konkurransefordel ved å ta i bruk systemet?
  • Kor lang tid tek det før effektiviseringa eller konkurransefordelen har tent inn kostnadene?
  • Kor store drifts- og vedlikehaldskostnader fører systemet med seg?
  • Kva omstillingar og endringar i rutinar må verksemda gjere på grunn av systemet?
  • Kva behov for opplæring krev systemet?

Det er ikkje nok å ha IKT-kompetanse for å kunnes vare på desse spørsmåla. Du må også forstå korleis verksemda fungerer, og kjenne til kva oppgåver dei tilsette som skal bruke systemet, har.

Spørsmålet er ikkje kva system som er best, men kva system som best løyser oppgåvene til verksemda.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 06.12.2018

Læringsressursar

Prosjektorganisering