Hopp til innhald

Fagstoff

Vellykka IKT-prosjekt

Nøkkelen til vellykka IKT-prosjekt ligg i god planlegging og grundig oppfølging. Slurv i planleggingsarbeidet, og manglande oppfølging og styring undervegs, fører nesten alltid til at prosjektet blir mislykka.
Mange mennesker danner to puslespillbiter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er fem faktorar som er kritiske for at vi skal lykkast med eit IKT-prosjekt:

Hvorfor IKT-prosjekt lykkes
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brukarane må involverast
Brukarane må inkluderast i prosjektplanlegginga heilt frå starten av. Det viser seg også at det i mange tilfelle er positivt å ha ein brukar – og ikkje ein IKT-medarbeidar – som prosjektleiar.

Prosjektdeltakarane må frigjerast frå andre oppgåver
Å arbeide på eit prosjekt er ikkje ein deltidsjobb, og både IKT-medarbeidarar og brukarar har allereie andre oppgåve som fyller arbeidsdagen. Når eit prosjekt tek til, må deltakarane få frigjort den nødvendige tida som trengst for å jobbe med prosjektet.

Tilgang til riktig kompetanse
Mange IKT-prosjekt krev at ein har spesialkunnskapar. Å prøve å lære seg det ein treng, undervegs, er ei svært dårleg løysing. Når ein har identifisert kva kunnskapar prosjektet krev, må ein anten lære opp medarbeidarane før prosjektet blir sett i gang, eller leige inn nødvendig ekspertise.

Kunnskap om prosjektstyring
Å leie eit IKT-prosjekt er ei svært krevjande oppgåve, og prosjektet må styrast av nokon som har kunnskap og erfaring frå prosjektleiing. Ofte blir prosjektleiar for eit IKT-prosjekt vald på bakgrunn av teknisk IKT-kompetanse, men dette er ikkje noko godt kriterium. Sjølv om deltakarane i eit IKT-prosjekt sjølvsagt må ha den nødvendige IKT-kompetansen, er ikkje dette noko krav for å leie prosjektet. Dei viktigaste eigenskapane ein prosjektleiar må ha, er prosjekterfaring og gode kunnskapar om sjølve verksemda.

Bruke ein fastlagd prosjektmodell
Prosjektet bør organiserast etter ein fastlagd prosjektmodell som alle deltakarane kjenner. Dette vil seie at prosjektdeltakarane må få opplæring i den aktuelle prosjektmodellen før prosjektet tek til.

Prosjektvegvisaren
I 2009 lanserte Direktoratet for forvaltning og IKT ei eiga nettside kalla Prosjektveiviseren med ein felles prosjektmodell for offentleg sektor. Føremålet er å samle gode erfaringar i ein offentleg felles prosjektmodell som skal bidra til at fleire offentlege IKT-prosjekt lykkast.

Artiklar

Nøkkelen til vellykka IKT-prosjekt ligg i god planlegging og grundig oppfølging.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.12.2018

Læringsressursar

Prosjektorganisering