Hopp til innhald

Fagstoff

Manus og stikkord

Før ei direktesending bør du lage eit kort manus. Bruk eit enkelt og munnleg språk, tenk gjennom kva for ord du vil legge vekt på, og øv deg på å uttale namn på rett måte. Snakk til lyttarane, ikkje les opp!
Kvinne i radiostudio. Grafisk.

Manus gjer deg trygg

Radio er eit munnleg medium. Du må derfor både skrive og framføre teksten slik du snakkar til vanleg. Bruk korte setningar og unngå vanskelege ord. Framfør manuset høgt for ein annan elev før sending. Då høyrer du om noko skurrar. Marker dei orda du vil legge trykk på, med STORE bokstavar.

Manusskriving radio

0:00
-0:00

Frå manus til stikkord

Meir erfarne journalistar bruker berre stikkord når dei går i studio. Stikkorda gjer at dei veit korleis dramaturgien i sendinga skal vere, men at dei elles er fri til å improvisere undervegs. Det gjer det enklare å konsentrere seg om hovudoppgåva: å kommunisere med lyttarane der ute. Men hugs at stikkordmanus krev at du har gjort ein grundig research på førehand, slik at du faktisk veit noko om det du snakkar om.

Introduksjonar og mellomstikk

Ein introduksjon skal førebu lyttaren på eit innslag som skal spelast av. Det er vanleg å introdusere det temaet innslaget handlar om, og dei personane som deltek. Lytt nøye gjennom innslaget før du skriv introen. Skriv alltid ned namna på dei personane du introduserer. Dobbeltsjekk deretter at du har skrive namna rett, og at du veit korleis dei skal uttalast.

Mellomstikk bind ulike innslag saman. Det er elegant dersom du kan lage ein raud tråd frå det eine innslaget til det andre, til dømes eit intervju og eit musikkinnslag. Men av og til er det viktigare å markere avstanden mellom innslaga. Det finst ingen samanheng mellom ein Justin Bieber-konsert og eit bombeattentat der mange menneske blir drepne.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Siri Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017

Læringsressursar

Auditive medium