Hopp til innhald

Fagstoff

St. Émilion og Pomerol

St. Émilion er distriktet på austsida av elva Dordogne, og det er saman med Médoc, Graves og Pomerol mellom dei største raude appellasjonane i Bordeaux. St. Émilion har variert topografi og jordsmonn. Leire er dominerande, men det finst område med mykje kalk, elveavleiringar, sand og småstein.

St. Émilion

Kart over vinområdet Bordeaux i Frankrike. Foto.

St. Émilion er distriktet på austsida av elva Dordogne, og det er saman med Médoc, Graves og Pomerol mellom dei største raude appellasjonane i Bordeaux. St. Émilion har variert topografi og jordsmonn. Leire er dominerande, men det finst område med mykje kalk, elveavleiringar, sand og småstein.

Vinane blir rangerte etter topografi og jordsmonn:

  1. Côtes, vin frå bratte skråningar og platå, vin frå grusplatået i nordvest
  2. Graves, vin frå sletter prega av grus
  3. Sables aciennes, vin frå sletteland prega av sand og leirhaldig jord

Vinane blir klassifiserte som (vanleg) St. Émilion og grand cru, grand cru classé og premier grand cru classé som den beste.

Vinane frå St. Émilion er blaute og fyldige der merlot- og cabernet franc-druene er dominerande og eignar seg godt til viltrettar (rådyr, hjort, elg og liknande).

Pomerol

Distriktet Pomerol som ligg vest for St. Émilion, er lite, men har vinar av toppklasse. Jordsmonnet er grushaldig og rikt samansett med eit jernhaldig leirelag knapt ein meter ned i bakken. Vinane er kjenneteikna av stor fylde og imponerande blautheit. Dei utviklar seg hurtig, men har likevel god haldbarheit. Området har inga offisiell klassifisering. Vinen frå Ch. Petrus er den vinen i Bordeaux som har oppnådd høgaste prisen dei siste åra, og han blir ikkje sjeldan rekna som den beste vinen i verda.

Vinane frå Pomerol eignar seg til det same som vinar frå St. Émilion i tillegg til finare rettar av lam med urtepreg.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Frankrike