Hopp til innhald

Fagstoff

Médoc og Graves

Distriktet Médoc, som dei fleste reknar som det beste i Bordeaux, ligg nord for byen Bordeaux. I aust grensar det til elvane Garonne og Gironde. Médoc er kjend for å ha raudvinar av høgaste klasse. I vest ligg store furuskogar som vernar distriktet mot havet. Området har eit grusaktig jordsmonn.

Médoc

Kart som viser vinområdet Bordeaux i Frankrike. Illustrasjon.

Distriktet Médoc, som dei fleste reknar som det beste i Bordeaux, ligg nord for byen Bordeaux, og i aust grensar det til elvane Garonne og Gironde. Médoc er kjend for å ha raudvinar av høgaste klasse. I vest ligg store furuskogar som vernar distriktet mot havet. Området har eit grusaktig jordsmonn. Det blir sagt at det berre er to vekstar som trivst her, furu og vinplanter. Médoc omfattar åtte kommunar, underappellasjonar, og vinane er klassifiserte i fem crus etter ein klassifikasjon frå 1855 der dei forskjellige slotta blei klassifiserte etter kvalitet.

Premiers crus

Château Lafite-Rothschild Pauillac
Château Latour Pauillac
Château Margaux Margaux
Château Mouton-Rothschild Pauillac
Château Haut-Brion Pessac Léognan (Graves)

Deuxièmes crus: 14 slott
Triosièmes crus: 14 slott
Quantrièmes crus: 10 slott
Cinquièmes crus: 19 slott

I tillegg til desse har Médoc klassifikasjonen crus bourgeois.

Raudvinane frå Médoc er rike på tannin, fylde og bouquet og eignar seg godt til finare steikte rettar av storfe.

Ein person hentar ut vin frå ei tønne med ein stor pipette og heller i eit glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Graves

Distriktet Graves grensar i nord til Médoc og ligg rundt byen Bordeaux og sørover. Jordsmonnet består av grus. Raudvinane liknar mykje på vinane i Médoc. Graves har dei same klassifiseringane som Médoc. Den beste kvaliteten finn vi i nord, mens dei lenger sørfrå ikkje heilt kan måle seg med kvalitetane frå Médoc.

Dei kvite vinane frå Graves blir produserte i heile området. Dei beste vinane er dei tørre som ofte har ein sevjeaktig karakter.

Raudvinane eignar seg til det same som vinane frå Médoc. Dei tørre kvitvinane eignar seg godt til fyldige fiskerettar (flatfisk, steikt eller kvitvinsdampa).

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Frankrike