Hopp til innhald

Fagstoff

Utforskartrongen – «farleg» og sunn

Nøkternt sett er uhell og ulykker sunne teikn på at barn får utfalde seg og oppdage korleis ting fungerer. Leik er ein viktig prosess som lærer barn å meistre ulike risikofylte situasjonar.
Et barn med hjelm og sikkerhetsutstyr klatrer i et tre. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Leik

Gjennom leiken lærer barn å meistre seg sjølve og omgivnadene. Dei blir kjende med kroppen sin, trenar opp grovmotorikken og lærer seg samspel med andre barn.

I denne samanhengen kan tryggleik vere eit komplisert spørsmål, og det kan vere vanskeleg å skilje mellom å beskytte og å overbeskytte barna. På den eine sida skal vi verne dei mot farar så godt som råd er, men på den andre sida skal vi også gi barna noko å bryne seg på.

Forsking

Ein del forskarar og barnevernspedagogar meiner at vi har blitt så opptekne av tryggleik at vi tek frå barna noko av moglegheita til å utforske grensene sine. I staden blir dei pysete. Om barn ikkje får lov til å klatre i tre fordi vaksne er redde for at dei skal falle ned og bryte armar og bein, mistar dei viktig motorisk trening. Det gir tryggleik å meistre det som verkar farleg.

For lite tryggleik kan føre til helseskadar, men for mykje tryggleik kan verke passiviserande – og det fører også til helseskadar!

Helsestyresmaktene tilrår at barn i skulealder bør vere i fysisk aktivitet minst 60 minutt kvar dag. Det gjer dei meir konsentrerte og fører til mindre mobbing. Regelbunden fysisk aktivitet vernar mot fleire sjukdommar og plager.

I 2008 kartla Noregs idrettshøgskule aktivitetsnivået blant norske niåringar og 15-åringar. Konklusjonen var at barn og unge blir stadig mindre aktive etter kvart som dei blir eldre. Dette kan du også lese om under fysisk aktivitet.

Mindre aktive barn

Nedgangen i fysisk aktivitet kjem av at mange barn går over til stillesitjande aktivitetar som tv, dataspel og surfing på Internett når dei blir eldre. Mykje av det sosiale livet har flytta seg frå «den verkelege verda» til kyberrommet.

Det er viktig at barn og unge får rørt seg og testa sine eigne grenser.

Utfordringar til deg

  1. Kva for nokre ferdigheiter meiner du at barn kan lære gjennom fysisk aktivitet?
  2. Diskuter kor grensa mellom beskyttande og overbeskyttande omsorg går.
  3. Kva for tryggingstiltak bør ein vere merksam på når noko av aktiviteten blir flytta frå utemiljøet og inn framfor pc og tv?
  4. Når bør barn få lov til å klatre i tre?

Relatert innhald

Stadig flere har blitt oppmerksomme på at barn har behov for å utfolde seg. Da er det viktig å forebygge ulykker i lekeområdene. Men av og til kan sikkerhetstiltakene bli for strenge, og enkelte som jobber med barn, mener at barna mister utfordringer og noe av spenningen i hverdagen.

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Einar Gjærevold. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Tryggleik der barn og unge oppheld seg