Hopp til innhald

Fagstoff

Relasjonskompetanse og sosial kompetanse

Eit profesjonelt vertskap veit korleis det skal møte og handtere mange typar menneske – det er heilt nødvendig i denne bransjen. Her skal vi sjå meir på det vi kallar relasjonskompetanse og sosial kompetanse.
Forretningskvinne i rullestol med kollegaer i hotellresepsjonen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relasjonskompetanse

Å opptre korrekt som vertskap handlar også om relasjonskompetanse. Dette vil ikkje seie at vi skal endre personlegdom, men at vi tilpassar oss til det enkelte mennesket og ikkje minst til den aktuelle situasjonen.

Det er viktig at vi kan oss til alle typar menneske og samtidig har evna til å setje oss inn i situasjonen til enkeltmennesket. Åtferda vår skal spegle verdiane til bedrifta og vere med på å skape eit positivt inntrykk.

Alle menneske skal bli tekne på alvor. Viser vi medkjensle, forståing og i dei ulike situasjonane, byggjer vi opp gode og gir god gjestebehandling. Evne til å skape tillit og innsikt i ønska og behova til andre menneske er grunnleggjande for å skape gode relasjonar.

Tenk deg at du jobbar på eit hotell. Ein gjest ber om hjelp til å bestille ei drosje. Gjesten sit i rullestol, men du legg ikkje merke til denne viktige detaljen. Du ringjer etter drosje som vanleg, og når drosja kjem, er det ein vanleg bil som ikkje kan ta med ein gjest i rullestol. Gjesten blir sjølvsagt opprørt, og det blir stilt spørsmål ved evnene dine til å handtere situasjonen til gjesten.

På kva måte kan du få gjesten til å ha tillit til deg og selskapet du jobbar i, etter dette? Kva ville du ha gjort i dette tilfellet?

Tenk over

Tillit er avgjerande for gode relasjonar mellom menneske.

Sosial kompetanse

Å vere sosial er å fungere saman med andre menneske og å samarbeide med andre. Å ha kompetanse er å ha kunnskapar og evner.

  • Kunnskap – praktisk og teoretisk innsikt og forståing i arbeidet
  • Evner – å kunne handtere situasjonen

Vi er alle meir eller mindre sosialt kompetente. Ein person med stor sosial kompetanse har lettare for å tilpasse seg nye situasjonar og nye menneske.

Ein person med mindre sosial kompetanse treng trygge og kjende omgivnader for at kompetansen skal kome til sin rett.

Tenk over

Ein god vert og serviceytar blir aldri heilt utlært, men vil heile tida trene og oppdatere seg på dette området.

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Vertskapsrolla