Hopp til innhald

Fagstoff

Vinbondens arbeid - kultivering

Drueplanten er eigentleg ein slyngplante der greinene visnar kvart år. Kvar vår kjem det så nye skot som blir til greiner. Då er det viktig at vinbonden bestemmer kor mange greiner han vil at planten skal ha, og klipper bort (skjer til) resten.

Tilskjering

Det er viktig for vinkvaliteten at avlinga ikkje blir for stor. Vi seier at «kvalitet og kvantitet ikkje går saman». Vi må altså velje mellom stor avling og låg kvalitet og lita avling og høg kvalitet. Tilskjeringa om våren er noko av det viktigaste arbeidet vinbonden gjer. Det er òg stor forskjell på korleis ein lèt druestokken vekse. Nokre stader kryp greinene langs jorda, andre stader veks dei som buskar og nokre gonger langs høge stokkar eller pergolaer, og då kan dei danne «tak» der ein kan gå under og hauste druer.

Relatert innhald

Italia konkurrerer med Frankrike om å vere den største vinprodusenten i verda, og dei siste åra har Italia vore størst.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Vin