Fagstoff

Utvikling av identitet

Publisert: 20.03.2013, Oppdatert: 05.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Generasjoner

Når vi har drøfta identitet og kva det er, snakkar vi om identitet som om det er noko stabilt og fast. Psykologen Erik H. Erikson lagde ein modell som viser korleis identitet blir utvikla gjennom heile menneskelivet – frå fødsel til død. Vi skal sjå på modellen hans og så drøfte korleis dette synet på identitet kan ha relevans for fagområdet vårt. Vi skal òg sjå på kva innverknad media har på danninga av identiteten vår.

Utviklingsmodellen til Erik H. Erikson

I videoen forklarer psykolog Helga Myrseth om utviklingsmodellen til Erik H. Erikson. Han var særs oppteken av identitetsomgrepet og fokuserte på den kjenslemessige og sosiale utviklinga som går føre seg gjennom heile livsløpet. Denne utviklinga delte han inn i stadium eller trinn, og han meinte at på kvart trinn står individet overfor ein utviklingskonflikt.

Før du ser videoen, bør du sjå på lærestoffet om identitet og tenkje igjennom kva som formar identiteten vår.

Eriksons utviklingsmodell  

Oppgåver

Gruppeoppgåve

 

Lag poster, plakat, brosjyre eller hald ei miniforelesing.

 

Kvar gruppe tek for seg EITT stadium/trinn. Beskriv kva som kjenneteiknar dette trinnet, og kva konfliktar eller utfordringar individet står overfor der (gi eksempel). Korleis utviklar ein ein positiv identitet på dette trinnet, og korleis utviklar ein ein negativ identitet? Korleis kan ein relatere dette til kommunikasjon?

Drøft

  1. Kvifor er det relevant å ha kunnskap om den sosiale og emosjonelle utviklinga til mennesket i studiet om kommunikasjon?
  2. Kvifor er psykologi relevant i studiet om kommunikasjon?

Medium og identitetsdanning

Der individet står i sentrum - slik som i dei individualistiske samfunna våre - kan vi i stor grad setje vår eigen identitet i scene, slik vi gjer i sosiale medium. Den franske filosofen Foucault (1926 - 1984) var tidleg ute med å introdusere omgrepet "self writing", å skrive seg sjølv. Les om medium og identitetsdanning her 

Her kan du høyre førsteamanuensis i medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, Anders Fagerjord, snakke om medium og identitet:

Medium og identitetsdanning: Anders Fagerjord   

 

Oppgåve

Til skriftleg eksamen blei kandidatane bedne om å svare på denne oppgåva:

"Å presentere seg sjølv på Internett, anten i sosiale medium som Facebook, på datingsider eller på ein eigen blogg, er vanleg særleg blant unge i dag. I slike presentasjonar vel ein sjølv korleis ein vil framstille seg. Skriv ein tekst der du drøftar korleis vi framstiller oss på nett, og korleis kulturane vi er ein del av, påverkar kva vi vel å vise av oss sjølve til andre." (Utdanningsdirektoratet. Eksamen i SPR3017 Kommunikasjon og kultur 3. Hausten 2012)

 

  • Til eksamen fekk kandidatane ei førebuingsdel med mange lenkjer, men du kan du bruke utviklingsmodellen til Erikson, lenkja til artikkelen om medium og identitet og intervjuet som bakgrunn for å skrive teksten.