Oppgåve: Drøfte

Frå manus til rolle

Publisert: 20.03.2013, Oppdatert: 05.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Manus

Skodespelarar kan mykje om kommunikasjon. Kva kan vi lære av korleis profesjonelle skodespelarar arbeider, frå dei får manuset i handa til dei skal omforme orda til ei rolle? Bergens-skodespelaren Tom Larsen som har spelt i alt frå reklamefilmar til dramafilmar, gir oss eit innblikk i korleis han førebur rollene sine.

 

Før du ser videoen (ca. 10 min), bør du sjå gjennom lærestoffet om kroppsspråk og ikkje-verbal kommunikasjon.

Frå manus til rolle 

 

Oppgåver til videoen

1. I dei to første korte klippa frå Bestevenner og reklamefilmen for Komplett.no står Tom Larsens rollefigurar overfor problem. Samanlikn dei to rollefigurane. Du kan blant anna sjå på:

  • utsjånad
  • klesdrakt
  • kroppsstilling – positur
  • kroppsrørsler
  • handrørsler og gestar
  • auga og blikket
  • mimikk
  • språk
  • stemmebruk og prosodi

Korleis bidrar dette til å byggje opp forventningane til kva som skal skje vidare? Kvifor trur vi at utfallet vil bli mykje verre i det første tilfellet enn i det andre?

 

2. Vi får sjå eit klipp vidare i Bestevenner. Korleis har Tom Larsens rollefigur utvikla seg? Ta utgangspunkt i lista over. Kva er det som gjer at vi no får større sympati for rollefiguren?

 

3. For å framstille rollefiguren Øllik, meiner Tom Larsen at mimikken var særs viktig. Kvifor, trur du? Forutan mimikken, kva er det som bidrar til at Øllik-figuren lever opp til namnet sitt? Korleis bidrar lille Jonas til dette bildet?

 

4. Språk er identitet. I klippa snakkar Tom Larsen gebrokkent norsk, bergensdialekt og nynorsk. Korleis bidrar språket i kvart av tilfella til rollefiguren og korleis han framstår?

 

5. Sjå på den improviserte scenen frå Smil. Kommenter kommunikasjonssituasjonen. Kva verbale og ikkje-verbale signal sender den kvinnelege skodespelaren om at ho IKKJE ønsker å komme inn? Kva teknikkar bruker Tom Larsens rollefigur for likevel å få det som han vil? Kjenner du igjen nokre hersketeknikkar?

 

Rollespel

  1. Ta utgangspunkt i den improviserte scenen frå Smil. Spel omvende roller, der kvinna ønsker seg inn, mens mannen ikkje ønsker det.
  2. Lag små rollespel der de dobbeltkommuniserer, ikkje har samsvar mellom verbalt språk og kroppsspråk, har skjulte bodskapar eller underkommuniserer noko og brukar ein eller fleire hersketeknikkar.
    La tilskodarane analysere kva de har demonstrert.

Drøft

Du har lært om identitet og korleis konfliktar kan oppstå når vi ikkje kan identifisere oss med noko eller nokon. Tom Larsen syntest det var vanskeleg å nærme seg rollefiguren til ein psykopat. Drøft om skodespelarar kan lære oss noko om å forstå andre menneske og motiva deira. Kan vi lære dette ved å bruke nokre teknikkar?