Fagstoff

Analyse av kommunikasjon og samspel

Publisert: 20.03.2013, Oppdatert: 05.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Sint

Kvifor kjenner vi oss såra utan heilt å vete kvifor? Kvifor blir vi sinte? Er det fordi vi blir kritiserte? Den kanadiske psykiateren Eric Berne utvikla transaksjonsanalysen som eit verktøy til å forstå det psykologiske samspelet mellom menneske.

Kanskje kan vi bli flinkare til å kommunisere om vi er meir merksame på kva som verkeleg skjer i møtet – eller transaksjonane – mellom menneske?

Transaksjon er eit ord som du kanskje mest møter i samband med pengar og valuta. Men den opphavlege tydinga er overføring. Du har lært at ordet kommunikasjon kjem frå communicare (gjere felles) og er ei overføring eller utveksling av kunnskap og informasjon frå person til person. Her skal vi sjå nærmare på slike transaksjonar.

I videoen forklarar psykolog Helga Myrseth meir om denne kommunikasjonsanalysemetoden.

Transaksjonsanalyse
Leverandør: Mediesentret ved Høgskolen i Bergen
 

 

Oppgåver

Analyser

Du som har lært mykje om kommunikasjon, veit òg at utsegner vi kjem med, kan vere avhengige av kommunikasjonssituasjonen, relasjonen mellom aktørane og at faktorar som stemmebruk og kroppsspråk kan spele inn på korleis bodskapen blir oppfatta. Men la oss likevel prøve å analysere nokre transaksjonar. Prøv sjølv først, sjå på stikkorda etterpå.

 

1. Kva eg-tilstand hos person A kjenneteiknar vanlegvis desse utsegnene:

  • No må du ta deg saman!
  • Du MÅ hugse å vere forsiktig når du går over gata.
  • Kvifor kjem du alltid for seint?
stikkord

foreldre-eg

skjul

Sjå på utsegna over. Til kva eg-tilstand hos motparten – person B – vender person A seg?

stikkord

barne-eg

skjul

2. Kva eg-tilstand hos person A kjenneteiknar vanlegvis desse utsegnene:

  • Eg forstår ingenting, eg. Du er så flink, du!
  • Nei, eg VIL ikkje ha på meg den ekle genseren!
stikkord

barne-eg

skjul

Til kva eg-tilstand hos motparten – person B – vender person A seg?

stikkord

foreldre-eg

skjul

Kva eg-tilstand hos person A kjenneteiknar vanlegvis desse utsegnene:

  • Vi har fått ein klage frå ein kunde. Vi må sjå på kva vi kan gjere for å møte kunden.
  • Er det nokon som har nokre spørsmål før vi går vidare?
  • Korleis var det på skolen i dag?
stikkord

vaksen-eg

skjul

Til kva eg-tilstand hos person B vender person A seg?

stikkord

vaksen-eg

skjul

4. Frå kva eg-tilstandar er denne samtalen:

  • Person A: Har du sett dei fryktelege buksene Ida går rundt med?
  • Person B: Ja, eg måtte hatt betalt for å gå med dei – ho eig ikkje smak.
stikkord

Begge kritiserer frå foreldre-eg-tilstanden.

skjul

Kva kunne person B ha svart person A for at denne samtalen ikkje skulle ende opp som baktaling av Ida?

stikkord

Ho kunne ha svart frå vaksen-eg-tilstanden sin, for eksempel: – Eg synest buksene er heilt OK, eg. Så kunne ho kanskje ha begynt å snakke om noko anna.

skjul

5. Frå kva eg-tilstandar er denne samtalen:

  • Person A: Eg kjem aldri til å skjøne matte, eg, er altfor dum ... kan ikkje du gjere denne oppgåva for meg?
  • Person B: Stakkars deg, klart eg kan gjere det!
stikkord

Person A: barne-eg, person B: foreldre-eg

skjul

Diskuter kva person B kunne ha svart eller gjort for å dreie denne samtalen i ei meir vaksen retning.

 

Rollespel

Lag rollespel der de har:

  • symmetriske samtalar frå dei tre eg-tilstandane
  • asymmetriske samtalar frå dei tre eg-tilstandane

Diskuter

  1. Kvifor ser ein på ein vaksen-til-vaksen-transaksjon som god kommunikasjon?
  2. Korleis kan vi komme med kritikk på ein konstruktiv måte?
  3. Korleis kan vi vende ein samtale som har som formål å snakke nedsettande om andre i ei meir positiv retning?
  4. Korleis kan transaksjonsanalyse hjelpe oss til å kommunisere betre?
  5. På kva måte kan transaksjonsanalyse og samtaleanalyse (sjå lærestoff om samtaleanalyse) utfylle kvarandre?