Hopp til innhald

Fagstoff

Analyse av bedriftskulturen

Bedriftskulturen kan vere eit verktøy for vekst, men han kan òg hindre utvikling i bedrifta. Leiinga må granske bedriftskulturen regelmessig for å finne ut korleis han verkeleg er, slik at nødvendige tiltak kan setjast inn i tide.
Mann i dress held ei krystallkule med begge hender. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Analyse av bedriftskulturen

Det er mange ulike måtar å analysere ein bedriftskultur på. Ein av metodane liknar på situasjonsanalysen, der vi tek utgangspunkt i at bedriftskulturen er ein viktig del av dei interne arbeidsvilkåra, altså noko som bedrifta sjølv kan kontrollere.

Bilete av ein eldre sjukepleiar som forklarar noko for to yngre sjukepleiarar på eit kontor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmål og observasjonar

Desse spørsmåla kan vere sentrale i analysen:

  • Kva verdiar ønskjer vi at bedrifta skal ha?
  • Eksisterer desse verdiane i bedrifta per i dag?

For å finne ut av dette kan det til dømes vere naturleg at bedrifta gjennomfører ei spørjeundersøking på arbeidsplassen. Slik kan ein finne ut korleis dei tilsette sjølv oppfattar bedriftskulturen. Leiinga kan òg velje å leige inn ein konsulent som får i oppdrag å observere bedrifta og kome med forslag til endringar og tiltak.

Coachingsmodellen SØT

Det handlar eigentleg om å finne ut kva som er situasjonen i dag, kva retning ein ønskjer at bedrifta skal gå i, og korleis ein skal kome seg dit. I mange coachingmiljø blir denne prosessen kalla SØT:

  • S – situasjonen no
  • Ø – ønskt tilstand
  • T – tiltak for å kome dit
CC BY-SASkrive av Carina Hertze Bratli.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2018

Læringsressursar

Bedriftskultur