Hopp til innhald

Fagstoff

Servicefundament

Her skal vi sjå på korleis fundamenta i eit serviceprodukt – trivsel, enkelheit og tryggleik – kan kombinerast med modellen «blomstrande service» og danne eit rammeverk for å planleggje eit serviceprogram.
En liten jente sklir ned en rusebane på magen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klargjere servicefundamenta

Ved å sjå på serviceleveransen som ein prosess får vi ei oversiktleg skildring av ein komplett servicepakke. Di meir detaljert skildringa er, di enklare er det å forstå kva vi skal levere.

Triveleg, enkelt og trygt

TET-modellen består av tre kundeorienterte servicefundament: trivsel, enkelheit og tryggleik.

Repetisjon frå Vg1: Servicefundament

TET-modellen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les meir:

Prosesskvalitet

Blomstrande service

Kombinasjonen TET og «blomstrande service»

TET-modellen kan kombinerast med dei åtte områda i modellen «blomstrande service». Då går vi systematisk gjennom kvart av dei åtte områda og spør: Kva skal til for at gjestene våre skal oppleve det som triveleg, enkelt og trygt (TET) å vere kunde hos oss? Her bruker vi området forvaring som døme.

TET og blomstrende service
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utforminga av ein servicepakke kan ta utgangpunkt i dei ønska og behova som kundane har innanfor kvart av fundamenta triveleg, enkelt og trygt.

Vi kan stille kontrollspørsmål under kvart hovudpunkt og underpunkt.

Kontrollspørsmål

  • Forventar målgruppa ein høgtideleg eller jovial tone? Kva høflegheitsfraser er dei vande med?
  • Kva vil det seie å skape ein god atmosfære? Kva har møblar, blomstrar og annan pynt å seie?
  • Er det lett for kundane å få forvaring for verdisakene sine?
  • Finst det leikerom for barna? Korleis kan vi stole på at utstyret er trygt og sikkert?

På tilsvarande måte kan vi ta for oss kvart område i modellen «blomstrande service». Etter kvart får vi eit gjennomtenkt og fullstendig servicetilbod med den kvaliteten vi ønskjer.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Kvalitetsutvikling