Hopp til innhald

Fagstoff

Likviditet

Med likviditet meiner ein at bedrifta har god betalingsevne – at ho kan gjere opp forpliktingane sine til rett tid. Betalingsevna er vel så viktig som dei økonomiske resultata.
Dame putter pengar på ein sparegris mens hun tastar på ein kalkulator.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei bedrift kan leve relativt lenge med dårlege resultat, men ikkje med dårleg likviditet. Det å ikkje kunne gjere opp for seg vil nemleg øydeleggje all tillit til bedrifta hos leverandørar og bankar.

Det er viktig å følgje opp likviditeten til bedrifta. På same måte som ein kan gjere det på grunnlag av rekneskapen, kan ein også berekne nøkkeltal på grunnlag av budsjettet, altså på førehand.

Det er også aktuelt å berekne likviditeten i ettertid, ikkje minst når ein analyserer andre bedrifter – det vi kalla for ekstern analyse.

I desse analysane er det omløpsmidla og den kortsiktige gjelda vi ser på.

Arbeidskapital

Vi reknar ut arbeidskapital ved å ta summen av omløpsmidla minus kortsiktig gjeld. Altså:

BALANSE

EIGEDELAR

EIGENKAPITAL OG GJELD

Anleggsmiddel

EIgenkapital

Omløspsmiddel

Langsiktig gjeld

Kortsiktig gjeld


Arbeidskapital=Omløpsmiddel-kortsiktig gjeld

For bedrifta vår: 192 900-128 400=64 500

Dette er ikkje pengar som finst på ein bankkonto, men er eit uttrykk for arbeidskapitalen eller den økonomiske handlefridomen til bedrifta. Grunnen til at ein kan seie dette, er at omløpsmidla stadig blir gjorde om til pengar, og desse pengane kan ein mellom anna bruke til å betene den kortsiktige gjelda.

Likviditetsgrader

Vi kan også få uttrykt likviditeten i form av nøkkeltal.

Likviditetsgrad (LG1) = OmløpsmidlerKortsiktig gjeld

Likviditetsgrad 1 bør helst vere minst 2, det vil altså seie at omløpsmidla skulle vere dobbelt så høge som den kortsiktige gjelda.

For vår bedrift blir LG1: 192 900128 400= 1,5

I fjor var nøkkeltalet 1,0, så vi ser ei klar betring sjølv om vi ikkje når opp til den gamle norma.

Ein noko tøffare test blir kalla Likviditetsgrad 2 (LG 2).

Likviditetsgrad 2 (LG 2) = Omløpsmidler - varelageretKortsiktig gjeld

Her fjernar vi varelageret (som er det omløpsmiddelet som er tyngst omsetteleg) frå formelen, og vi sit då att med det vi kallar for dei mest likvide omløpsmidla.

Likviditetgsrad 2 bør helst vere minst 1, det vil seie at dei mest likvide omløpsmidla skulle vere like store som den kortsiktige gjelda.

For vår bedrift blir LG 2: 192 900 - 41 000128 400 =1,2

Her ser vi at vi oppfyller dette kravet. Det gjorde vi ikkje i fjor då talet var 0,8.

Som ein grei tommelfingerregel får vi altså at likviditetsgradene skal vere:

LG 1 = >2

LG 2 = >1

Dette kravet er nok i dag urealistisk høgt i dei fleste bransjar, men kan vere eit godt utgangspunkt for vurderingane.

Sum anleggsmiddel19500Sum eigenkapital80364Sum omløpsmiddel192900Sum langsiktig gjeld3636Sum kortsiktiggjeld128400Sum eigedeler212400Sum eigenkapital/gjeld212400


Resultatrekneskap

Salsinntekter

1 301 000

Varekostnader

785 000

Dekningsbidrag

516 000

Andre driftskostnader

465 000

Driftsresultat

51 000

Renteinntekter

1 600

Rentekostnader

3 900

Ordinært resultat før skattekostnad

48 700

Skattekostnad

13 636

Årsresultat

35 064

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.05.2018

Læringsressursar

Lønsemd