Hopp til innhald

Fagstoff

Lønnsemd basert på resultatrekneskapen

Vi skal no sjå på kva for nokre verktøy nøkkeltal vi har for å berekne kva som blir att etter kvart som kostnadene «et av» resultatet. Slike berekningar kan ein gjere på fleire nivå nedover i resultatrekneskapen. Dekningsbidrag og resultatgrad er eksempel på slike nøkkeltal.
Ei hand som held pengesedlar, med myntar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dekningsbidraget og dekningsgraden

Det er ofte søkjelys på dekningsbidraget i kroner og prosent månad for månad undervegs i driftsåret. Når årsoppgjeret er ferdig og ein kan gjere rekneskapsanalysen, blir normalt ikkje dekningsbidraget analysert som ein del av årsanalysen. Vi tek det likevel med her fordi det gir oss eit nyttig utgangspunkt for rekneskapsanalysen.

Dekningsbidraget blir rekna slik:

Salsinntekter-variable kostnader=Dekningsbidrag    

For ei handelsbedrift er dei variable kostnadene normalt berre varekostnaden. For vår bedrift ser det slik ut:

Salsinntekter1 301 000-variable kostnader785 000=Dekningsbidrag516 000             

Dekningsbidraget skal som kjent bidra til å dekkje dei faste kostnadene og eventuelt gi forteneste.

Rekna om i prosent: 516 000 × 1001 301 00= 39,7%

Talet vi får, blir kalla dekningsgrad og viser i kor stor grad vi får dekt dei faste kostnadene våre. Salet er 100 %. Her et dei variable kostnadene opp 60,3 %, og resten, altså 39,7 %, skal bidra til å dekkje dei faste kostnadene.

Har vi nok dekningsbidrag til å dekkje alle dei faste kostnadene, og blir det noko til overs – altså får vi overskot? I vårt tilfelle har vi det, og overskotet blir 35 064 kroner. Er det bra? For å finne ut av det må vi gjere nokon analysar.

Det å vurdere eit kronebeløp er vanskelig, men å få det rekna om til ein prosent, altså eit nøkkeltal, er nyttig.

Resultatgraden

Det er ei nyttig øving å rekne ut det endelege årsresultatet i prosent av inntektene. Vi får:

35 064 × 1001 301 00= 2,7 %

Vi kallar dette resultatgraden – altså i kor stor grad vi har eit resultat. Det er naturleg å rekne dette i prosent av salet (aktiviteten). Då får vi fram i kor stor grad alle aktivitetane har gitt eit netto resultat, det vil seie eit overskot.

I vårt tilfelle blir 2,7 % av aktiviteten igjen til eigarane. Dei pengane kan ein bruke til å styrkje eigenkapitalen og/eller til å betale utbytte. Det inneber at 2 kroner og 70 øre av kvar hundrelapp bedrifta omset, blir att til eigarane.

Studer illustrasjonen under. Her prøver vi å få fram korleis vi no har brukt tal i resultatrekneskapen til å gjere samanlikningar.

Sum anleggsmiddel19500Sum eigenkapital80364Sum omløpsmiddel192900Sum langsiktig gjeld3636Sum kortsiktig gjeld128400Sum eigedeler212400Sum eigenkapital/gjeld212400

Vurder korleis dekningsbidraget og dekningsgraden har utvikla seg for bedrifta vår.

Resultatrekneskap

Salsinntekter

1 301 000

Varekostnader

785 000

Dekningsbidrag

516 000

Andre driftskostnader

465 000

Driftsresultat

51 000

Renteinntekter

1 600

Rentekostnader

3 900

Ordinært resultat før skattekostnad

48 700

Skattekostnad

13 636

Årsresultat

35 064

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.05.2018

Læringsressursar

Lønsemd