Hopp til innhald

Fagstoff

Kampanjeplanen

Med kampanje meiner vi ei konsentrert satsing i ein avgrensa periode. Det kan vere ei sjølvstendig satsing eller del av marknadsplanen. Her skal vi sjå på kva ein kampanjeplan kan innehalde.
Mennesker på tur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avgrensa felttog

Ein kampanje er ei konsentrert satsing i ein avgrensa periode, til dømes eit felttog for eitt bestemt produkt eller søkjelys på éi produktgruppe i eit visst tidsrom. Vi konsentrerer innsatsen og ressursbruken innanfor eit kort tidsrom, til dømes nokre få dagar eller veker.

Ein kampanje kan anten vere ei sjølvstendig satsing eller ein del av marknadsplanen.

Innanfor reiseliv bruker ein kampanjar i både private og offentlege verksemder. Som døme nemner vi Innovasjon Noreg sine sommar- og vinterkampanjar. Det blir gjennomført kampanjeaktivitetar i samarbeid med norske og utanlandske partnarar med utgangspunkt i Merkevara Noreg. Hensikta er å trekkje turistar til landet. I ein kort og intensiv periode møter forbrukarane Noreg som ferieland i ei rekkje ulike medium.

Kampanjen byggjer på at Noreg tilbyr opplevingar av vakker og urørt natur, aktive naturopplevingar og lokal kultur og levemåte.

Kampanjeplanen

Nedanfor viser vi eit døme på kva ein kampanjeplan kan innehalde. Bruk av rekneark gjer det enkelt å tidfeste aktivitetar og halde styr på budsjettet.

  1. Produkt
    skildring av dei produkta vi skal lage kampanje for
  2. Målgrupper
    skildring av dei målgruppene kampanjen rettar seg mot
  3. Kampanjemål
    skildring av kvantitative og kvalitative mål for kampanjen, med vekt på salsmål, marknadsdelar, lønnsemd
  4. Kommunikasjonsbodskap
    skildring av kva for ein bodskap som skal brukast for å nå fram til målgruppene
  5. Kommunikasjonskanalar
    skildring av kanalar (medium) som ein kan nå målgruppene gjennom
  6. Aktivitetsplan
    skildring av kva for aktivitetar ein skal setje i verk for å nå måla, tidsplan og budsjett for kvar aktivitet

Evaluering

Når planane er skriftleg dokumenterte, er det enklare å styre gjennomføringa og å vurdere resultata. Avviksanalyse er det viktigaste. Kontrollspørsmål kan til dømes vere:

  • Kva resultat fekk vi?
  • Korleis blei resultata samanlikna med det vi planla?
  • Kva var årsaka/årsakene til avvik (positive og negative)?
  • Kva kan vi lære av opplegget og resultata av kampanjen?

Evalueringa har til hensikt å finne ut korleis vi seinare kan forbetre oss, det vil seie læring.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Marknadsføring