Hopp til innhald

Fagstoff

Klipping og klipperytme

Rekkefølgja bileta blir viste i avgjer korleis vi oppfattar ein filmsekvens. Mjuke klipp skaper kontinuitet og ein illusjon av at film og verkelegheit er eitt. Harde klipp kan signalisere ei sinnsstemning eller at forteljaren er nærverande i filmen.
Filmrull og saks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klipping

Ein film består av enkeltbilete og biletsekvensar som blir viste i ei bestemd rekkefølgje. Det er denne rekkefølgja som skaper samanheng og meining i filmen. Kvart bilete blir påverka av det biletet som er vist før og det biletet som kjem etterpå. Når vi ser to bilete etter kvarandre, leiter hjernen vår etter ein samanheng. Dersom vi ser ein arkitekt på det eine biletet og ei hand rundt ein blyant i det neste, vil vi tru at det er handa til arkitekten som held blyanten.

Sjå skrekkfilmmeisteren, regissør Alfred Hitchcock, snakke om klipping i filmen Psycho.

Kontinuitetsklipping og montasje

To biletruter. Biletet til venstre viser ein suppetallerken, til høgre er det eit nærbilete av ein mann. Fotomontasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I den klassiske forteljande filmen eller den amerikanske mainstreamfilmen var idealet saumlaus og mjuk klipping. D.W Griffith byrja å eksperimentere med slik usynleg klipping allereie tidleg på 1900-talet, og han var ein pioner i utviklinga av kontinuitetsklipping. Det vil seie at overgangen mellom klippa i ei scene skulle vere så usynlege som mogleg.

To biletruter. Biletet til venstre viser eit barn i ei kiste, til høgre er det eit nærbilete av ein mann. Fotomontasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I det dåverande Sovjet på 1920-talet utvikla filmskaparen Sergej Eisenstein ein annan måte å klippe på, òg kalla russisk montasjefilm. Han ønskte å gjere publikum bevisste. Derfor klipte han mellom anna inn nærbilete som framheva det han ville kommunisere. Han brukte òg ofte harde klipp eller kollisjonar mellom bileta for å vekkje publikum.

To biletruter. Biletet til venstre viser ei kvinne på ein divan, til høgre er det eit nærbilete av ein mann. Fotomontasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her finn du ein filmsnutt om korleis Eisenstein brukte montasje og kva betydning han hadde for klippekunsten.

I våre dagar er vi primært påverka av ideala frå den klassiske filmen for klipping. Slik kontinuitetsklipping gjer at publikum opplever at sekvensen er teken opp i eitt bilete, og at klippa er så usynlege som mogleg.

Jump-cut

Likevel har enkelte meir eksperimentelle filmar late seg inspirere av mellom anna den franske nybølgjeregissøren Jean-Luc Godard som ofte brukte jump-cut (harde klipp) i filmane sine. Då opplever vi eit hopp eller rykk når biletet skiftar. Jump-cut blir til dømes brukt til å skildre ei sinnsstemning eller signalisere forteljarnærveret i filmen.

Her kan du sjå korleis Godard brukte jump-cut i filmen À bout dei souffle (1960).

Parallellklipping

I mange filmar blir det klipt fram og tilbake mellom to parallelle handlingar. Stadene og karakterane er ulike, men tidspunktet er det same. Parallellklipping blir brukt mykje i action- og krimscener. Gjennom parallellklipping får vi som publikum tilgang til meir informasjon enn karakterane. I den eine scena følgjer vi mordaren, i den andre ser vi kva offeret held på med. Slik blir spenninga forsterka i filmen.

I denne scena frå filmen Nattsvermeren (1991) kan du sjå eit døme på parallellklipping.

Klipperytme

Tempoet og lengda på kvart klipp, det vi kallar klipperytmen, styrer òg korleis vi opplever ein serie med bilete. Forteljinga blir annleis når ein situasjon blir skildra ved hjelp av totalbilete som står lenge på skjermen enn dersom filmskaparen vel ein serie med kjappe nærbilete. Då stig pulsen og spenninga. Filmrytmen er derfor eit viktig verkemiddel i filmforteljinga.

Tenk over

Les meir

Les kapittelet om klipping (frå s. 154) i boka Videologi. Håndbok i film og videoproduksjon hos Google Bøker.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du lage ein skrekkfilm basert på manus og storyboard som er laga av andre.

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2019

Læringsressursar

Innføring i filmproduksjon