Hopp til innhald

Fagstoff

Biletkomposisjon og kamerarørsler

Levande bilete er eigentleg ein serie med enkeltbilete som blir spelte av i ei bestemt rekkjefølgje. Biletkomposisjon, fargar, lys og kamerarørsler er viktige element i filmspråket.

Biletutsnitt

Ein film består av ein serie enkeltbilete som er komponerte på ulike måtar.

  • Eit heiltotalbilete gir oversikt over omgivnadene og situasjonen, og blir derfor ofte brukt til å etablere ei scene.
  • Karakterane i filmen blir gjerne presenterte i totalbilete. Eit slikt biletutsnitt gir også god oversikt over det sceniske rommet, staden der hendingane går føre seg.
  • Når to eller fleire personar snakkar saman, skiftar kameraet ofte til eit halvnært bilete. Då er det enklare å følgje dialogen.
  • Nærbilete av eit ansikt eller ei hand avslører kjensler, og blir ofte brukte til å vise korleis ein person reagerer på det som skjer.
  • Ultranære bilete bryt med det auget vårt vanlegvis ser. Slike bilete blir derfor berre brukte som effektar.

I alle filmar blir det klipt mellom ulike biletutsnitt. Men filmsjangeren avgjer kva for utsnitt som blir mest brukt. I ein actionfilm er det meir naturleg å bruke oversiktsbilete enn i ein kjærleiksfilm med mykje snørr og tårer.

Biletvinklar

Normalt ser vi det som skjer, i augehøgd. Det kallar vi normalperspektiv. Når filmkameraet blir plassert over eller under normal augehøgd, får det ein bestemt verknad. I daglegtalen kallar vi dette «å sjå opp til ein person» eller «å sjå ned på ein person».

Når kameraet er plassert under normalhøgd, kallar vi det froskeperspektiv. Eit slikt perspektiv kan brukast til å opphøgje ein helt, men også til å vise korleis verda ser ut, sett med auga til eit lite barn.

Når kameraet er plassert over normalhøgd, blir det kalla fugleperspektiv. Eit slikt perspektiv kan gjøre sjølv det tøffaste monsteret ynkeleg. Det kan også vise korleis trollet opplever møtet med Oskeladden.

Anslaget til filmen Kapernaum inneheld ei scene teken i ekstremt fugleperspektiv. Sjå dei tre første minutta av filmen. Kva funksjon har denne scena i filmen?

Komposisjon og fargebruk

Horisontale linjer i eit bilete gir ei kjensle av ro og harmoni, mens vertikale liner gir eit inntrykk av høgd, kraft og verdigheit. Skrålinjer skaper spenning og rørsle. Symmetrisk balanse i eit bilete gir eit inntrykk av stabilitet og stillstand, mens asymmetrisk balanse verkar meir moderne og energisk.

Joseph Cotten i filmen «Den tredje mann». Ei dame og en mann, begge kledde i hatt og lang frakk, snakkar saman i ei mørklagd gate. Foto.

Fargetonen i biletet formidlar mykje av stemninga i filmen. Varme tonar gir ei kjensle av harmoni og kjærleik. Kalde tonar har den motsette verknaden. Fargar kan også brukast symbolsk. Den kvinnelege forføraren har raud kjole, medan den uskuldige ungjenta ofte er kledd i kvitt.

Sjå fargebruken i traileren til Ingmar Bergmans film Fanny og Alexander (1982) på Vimeo. Kva fargar dominerer når filmen skildrar juleselskapet i barndomsheimen? Sjå scene frå 00:04 til 00:13. Korleis er fargetonen i scena frå huset til stefar til Alexander (biskopen)? Sjå scene frå 01:02 til 01:04.

Rørsler

Rørsler i eit bilete kan skje både ved at kameraet er i rørsle, og ved at personar eller gjenstandar i biletet rører på seg. Når vi skal følgje ein karakter frå bilete til bilete, er det viktig at auget vårt oppfattar kvar i biletet personen er. Fartsretninga i biletet er derfor viktig for kontinuiteten i biletforteljinga.

Kameralinsa kan bevege seg horisontalt (panorering) eller vertikalt (tilting). Ei panorering kan gi oversikt over ein situasjon eller følgje ei rørsle horisontalt. Ein tilt kan for eksempel brukast til å vise høgd eller til å avsløre eit fenomen.

Kamerakøyring eller kran blir brukt når kameraet følgjer ei hending i stor fart, som for eksempel forfølgingsscena i ein James Bond-film.

Zooming er ikkje ei kamerarørsle, men blir ofte brukt som ein effekt. Sjokkzooming i ein skrekkfilm gir oss ei kjensle av at vi sjølve blir dregne inn i forteljinga, utan å kunne verne oss mot det vonde. Slik identifiserer vi oss med det skrekkslegne offeret.

Den norske actionkomedien Børning 2 (2016) eignar seg godt når du skal øve deg på å identifisere korleis ulike kamerarørsler blir brukte i film.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2021

Læringsressursar

Forteljeteknikk og verkemiddel