Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva seier biletet om politikaren?

Vi ser stadig bilete av norske politikarar i aviser, på nett og på TV. Redaksjonane vel ofte bilete som dei meiner passar til den vinklinga dei har valt. Bileta bidreg til å forsterke det verbale uttrykket.
Raudt-leiar Bjørnar Moxnes står med fakkel og løfta hovud fremst i rekkja av protestantar mot høge straumprisar. Protestantane ber plakatar der dei krev politiske tiltak. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Studer fotografiet av Bjørnar Moxnes, leiar av partiet Raudt.

  1. Kvifor trur du han ønskjer å la seg fotografere i denne posituren?

  2. Lag forslag til tittel på ei nyheitssak der biletet inngår som hovudbilete i saka.

Arbeiderpartiets leiar Jonas Gahr Støre på ein talarstol. Raud bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2

Studer biletet av Jonas Gahr Støre, statsminister og leiar av Arbeidarpartiet.

  1. Kva for biletvinkel er brukt i biletet?
  2. Kva for fargar dominerer i biletet?
  3. Kva har biletvinkel og fargar å seie for oppfatninga di av politikaren Jonas Gahr Støre?
  4. Kva les du ut av posituren og kroppsspråket i posituren?
  5. I kva for samanheng trur du media ville brukt dette biletet i dekninga av Arbeidarpartiet sin valkamp?

Oppgåve 3

Pressefotografar legg ofte vekt på å plassere politikarar inn i ein bestemd kontekst når dei tek eit portrettfoto. Konteksten kan vere noko politikaren sjølv vel for å gjere tydeleg den politiske bodskapen sin, men det kan òg vere ein kontekst fotografen vel som ein slags "kommentar" til det politikaren står for.

  1. Samanlikn biletvinkelen i dei to bileta av Trygve Slagsvold Vedum, leiar av Senterpartiet. Korleis er biletvinkelen med på å påverke oppfatninga får av personen?
  2. Kva tilleggsinformasjon gir kontekstane fotografen har valt å framstille Vedum i?
  3. Kva for eit av desse bileta ville du ha valt dersom du skulle lage ein valbrosjyre for Senterpartiet. Grunngi svaret.
Ei sjøløve kyssar Erna Solberg på munnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 4

I samband med mediedekning av valkampar er det mange som ønskjer at politikarar skal stille opp på arrangerte bilete. Biletet der Erna Solberg, leiar av partiet Høgre, kyssar ei sjøløve, er teke på Akvariet i Bergen i samband med valkampen i 2017.

  1. Sidan biletet er teke i samband med ein valkamp, må vi tenkje oss at det har ein politisk bodskap. Kva meiner du er bodskapen i biletet?
  2. Diskuter i klassen: Trur de dette biletet fekk fleire til å stemme på partiet Høgre ved stortingsvalet i 2017? Hugs å grunngi standpunkta.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Tekstanalyse av medieuttrykk