Hopp til innhald

Fagstoff

Prosjektstyring og produksjonsplan

Filmar, underhaldningsprogram, radioinnslag eller nyheitssaker blir sjeldan til ved at éin person jobbar heilt åleine. Mykje av arbeidet med medieproduksjon går føre seg i grupper, så det er viktig å ha gode rutinar for samarbeid. Det gjeld òg for elevproduksjonar.

Prosjektstyring

Arbeidet med ein medieproduksjon kan gjerne formast som eit prosjekt som skal leie til eit produkt eller eit resultat. Alle prosjekt bør ha ein ansvarleg prosjektleiar eller koordinator som samlar alle trådar, men kvar enkelt medlem i prosjektgruppa har ansvar for at resultatet blir bra.

Det er viktig å ha kontroll med framdrifta i eit prosjekt. Som prosjektleiar må du ha oversikt over kven som til kvar tid gjer kva, og over tidsfristar og milepælar. Det er òg naturleg at leiaren kallar inn til møte og tek ansvar for å følgje opp kvar enkelt medlem i gruppa.

Produksjonsplan og arbeidsfordeling

Ein produksjonsplan er ei oversikt over kven som skal gjere kva, og når det skal gjerast. Følgjande er nyttige moment å ha med i ein produksjonsplan:

  • kva arbeidsoppgåver som skal gjerast
  • innan kva tidspunkt det skal gjerast
  • kven som skal gjere det
  • kva som er det konkrete resultatet av arbeidsoppgåva

Kva roller det er naturleg å ha i kvar enkelt elevproduksjon, vil variere. Det kan vere nyttig å diskutere ansvarsdelinga og rollesamansetninga med læraren før de går i gang.

Aktuelle roller kan vere:

  • redigeringsansvarleg film, foto og/eller teknisk ansvarleg, kreativ leiar eller AD
  • tekst- og/eller manusansvarleg
  • produksjonsansvarleg
  • marknadsansvarleg
  • personalansvarleg
  • økonomiansvarleg

Å lage og bruke produksjonsplanen

Det finst mange dataprogram laga for å halde styr på framdrifta i prosjekt. Men du kan lage gode planar og oversikter berre ved å bruke rekneark eller tekstdokument.

Ein produksjonsplan bør vere dynamisk. Det betyr at han heile tida kan endrast.

For å vareta eit godt samarbeid bør de møtast til faste tider for å gå gjennom og oppdatere planen. For at alle skal vere orienterte, bør planen vere tilgjengeleg for alle. Dette kan gjerast ved å bruke eit samskrivingsverktøy.

Døme

Jens, Lise og Erik skal lage ein reportasje til lokalavisa. Dei har oppretta eit Google-dokument for å planleggje produksjonen. Dei bruker fargekodar for å beskrive dei ulike fasane i prosjektet. Til dømes: Grøn farge betyr gjennomført, gul betyr påbyrja og raudt betyr at fristen har gått ut. Kvar person har sin eigen bokstav, slik at dei ser kven som har skrive kva.

Oppgåve

Frist

Ansvarleg

Beskriving

Kva er gjort?

Kommentar

Idédugnad

01.02

J, L, E

Alle presenterer minst éin idé til kva reportasjen skal handle om.

J: Sjekkar kva avisa har skrive om dei siste vekene.

Bestemme tema og vinkling

02.02

J, L, E

Bli einige om ei problemstilling.

Avtale med lokalavisa

03.02

J

Finn ut når deadline er.

Prøvde å ringje.

J: Fekk ikkje tak i redaktøren.

Avtale med intervjuobjekt

05.02

E

Forslag: Hans Pettersen. Bruke dobbelttimen tysdag 09.02.

Sendt ein e-post og spurt om det er ok.

L: OK.

J: OK.

Foto av Hans Pettersen

09.02

L

Treng fotograf når Hans Pettersen blir intervjua.

Reservert fotoapparat.

L: Har nokon minnebrikke?

Hugseliste for prosjektarbeid i grupper:

  • Vel prosjektleiar.
  • Fordel ansvar.
  • Avtal kor ofte de treng å møtast.
  • Lag ein dynamisk prosjektplan.
  • Gjer planen tilgjengeleg for alle.
CC BY-SARettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Utforskande produksjon for oppdragsgivar