Oppgåve: Arbeidsoppdrag

Kristin på reise

Publisert: 13.02.2013, Oppdatert: 05.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Autumn weather Nov 15

Kristin har vore ute i verda og reist. Ho har møtt mange menneske med ulik kulturell bakgrunn. Dette har gitt ho noko å tenkje på, og kanskje kan ho òg gje nokre gode råd. Du kan høyre ho fortelje om røynslene sine. Stemmer Kristin sine røynsler med det du har opplevd i møtet med andre kulturar?

 

Hugsar du kva interkulturell kommunikasjon går ut på? Viss ikkje, bør du sjå på denne artikkelen: Interkulturell kommunikasjon med ei beskrivande kulturforståing.

 Kristin på reiseKristin på reise 

 

Kristin på reise 

 

Oppgåver

Drøft

  1. På kva måte handlar Kristin sine reiseråd om interkulturell kommunikasjon?
  2. Er det ei beskrivande kulturforståing ho bruker?
  3. Synest du omtalen hennar av andre kulturar er essensialistisk? (Sjå Det essensialistiske kulturomgrepet.)

Lag brosjyre eller plakat

1. Kwintessential.com er ei britisk nettside som gir råd til forretningsfolk om korleis ein bør opptre i ulike land. Kristin nemner Frankrike, Japan og ei rekkje andre land. Bruk  en alfabetiske lista til Kwintessential og vel eitt av landa ho omtaler. Basert på råda hennar og det du finn hos Kwintessential, skal du lage ei lita reisebrosjyre med gode råd om korleis ein bør kommunisere for å oppnå god kontakt med menneske i det aktuelle landet. Du kan for eksempel lage brosjyra i Microsoft Publisher. (Sjå Interkulturell Guide.)

Trillekofferttrillekoffert 

2. Denne kofferten skal på forsida ha ein "plakat" med 10 gode råd om interkulturell kommunikasjon og korleis ein bør te seg i møte med andre kulturar. Skriv råda.

Diskuter

  1. Dei fleste av oss har gjort nokre kulturelle eller språklege tabbar når vi har vore ute og reist, eller når vi har vore saman med menneske frå ein annan kultur. Har du gjort nokre slike tabbar? Kan du bruke nokre av omgrepa du har lært, til å forklare kva som gjekk "galt"?
  2. "Å reise kan vere ein fin måte å opparbeide seg interkulturell kompetanse på." Diskuter påstanden.