Hopp til innhald

Fagstoff

Verdikjeda

Verdikjeda beskriv alt som inngår i produksjonen av varer og tenester, heilt fram til dei blir leverte til kunden.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ei verdikjede?

Ei verdikjede gir eit bilete på den samla verdiskapinga i ei verksemd, det vil seie det arbeidet som blir gjort for å produsere, marknadsføre og levere dei produkta og tenestene som verksemda tilbyr. Nokre vil til og med seie helt fram til produktet er blitt søppel og anten blir destruert, deponert eller resirkulert.

Aktivitetane kan vi gruppere i ei «kjede» frå leverandøren til kunden. I kjeda finn vi òg dei som driv med montering, service og vedlikehald av produktet. I kvart ledd i kjeda blir det skapt verdi, og kjeda kallar vi derfor ei verdikjede.

Verdiskaping og lønnsemd

I prinsippet består all næringsverksemd i at innsatsfaktorar (t.d. råvarer) blir omforma til produkt og tenester. Meirverdien som blir skapt i denne omformingsprosessen, kallar vi verdiskaping, og det er verdiskapinga som utgjer grunnlaget for lønnsemda til alle verksemder.

Verdikjeda består altså av alle innsatsfaktorane som inngår i produksjonen av ei vare og leveringa av vara til ein kunde. Målet er derfor å gjere denne verdikjeda så effektiv som mogleg, slik at verksemda blir mest mogleg lønnsam.

Logistikk og vareflyt

Vareflyt handlar om korleis råvarer og produkt blir frakta mellom dei ulike aktørane. Denne vareflyten startar der råvarene blir produserte, og sluttar når forbrukaren har fått vara si. Vi tenker oss at vareflyten består av ei kjede aktørar som anten produserer, distribuerer eller forhandlar vara. Denne kjeda av aktørar er ein viktig del av verdikjeda.

Planlegginga og administreringa av vareflyten kallar vi logistikk. Logistikk dreier seg også om å styre vareflyten mest mogleg effektivt for å halde kostnadene så låge som mogleg.

Sjå eit døme på vareflyt i praksis i videoen nedanfor.

Korleis kan vi effektivisere verdikjeda?

Verdikjeda er uavhengig av den formelle organisasjonsstrukturen til verksemda. Når vi betraktar verdikjeda, må vi derfor bort frå ei tradisjonell båstenking der alle berre arbeider med sin del av prosessen. Vi må sjå på verdikjeda som ein heilskapleg prosess som skal gjere verksemda konkurransedyktig. Det vil seie at vi skal levere eit konkurransedyktig produkt og samtidig vere lønnsame. Ei effektiv verdikjede kan både redusere kostnadene for verksemda og auke konkurranseevna overfor kundane.

Når vi skal betre effektiviteten i verdikjeda, må vi arbeide på forskjellige plan.

Organisatorisk struktur

Vi må sjå på korleis verksemda er organisert. Er det skapt hindringar som gjer samarbeid vanskeleg? Finst det ein logistikksjef med eit overordna ansvar for effektiviteten i verdikjeda?

Styrings- og planleggingssystem

Styrings- og planleggingssystema kan også påverke effektiviteten. Er dei systema og prinsippa vi bruker for å planlegge og styre materialstraumen, formålstenlege? Er dei eigna til å fremme samarbeid i heile verdikjeda?

Vareflyt

Korleis er vareflyten? Kan vi gjere endringar i logistikken for å gjere han meir effektiv?

For best mogleg logistikk må vi sjå transportsystemet, lagersystemet, produksjonssystemet og sals-, marknadsførings- og økonomisystemet i verksemda i samanheng. Vi må sjå på vareflyten som en heilskap, fordi det gir eit betre totalresultat for verksemda.

CC BY-SARettshavar: Industriskolen
Sist fagleg oppdatert 19.11.2023

Læringsressursar

Frå idé til ferdig produkt