Hopp til innhald

Fagstoff

Etiske retningslinjer

Etiske retningslinjer må ta utgangspunkt i både bransjen det gjeld, og den aktuelle bedrifta.
Dame kledd ut som politi som ikkje vil ta imot pengar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etiske retningslinjer

Etiske retningslinjer er reglar for kva som er riktig handlemåte (åtferd) i forskjellige situasjonar. Etiske retningslinjer skal hjelpe oss når vi er i eit etisk dilemma.

Innhaldet i dei etiske retningslinjene

Innhaldet i dei etiske retningslinjene vil variere frå bedrift til bedrift. Bedrifter er ulike, og dei arbeider i ulike bransjar. Dei konkrete etiske retningslinjene må derfor ta utgangspunkt i særeigenheitene både i bransjen og i bedrifta.

Alle i bedrifta vil ha noko å bidra med når det gjeld kva for nokre etiske retningslinjer bedrifta skal ha. I tillegg til sjølve reglane må oppfølginga av retningslinjene skildrast. Brot på retningslinjene må dokumenterast, og det må få konsekvensar. Det vil seie at det må vere bestemte reaksjonar frå bedrifta si side når nokon bryt retningslinjene.

NHO sitt forslag til punkt etiske retningslinjer

Interessekonfliktar

  • forskjellsbehandling av familiemedlemmer
  • arbeid for eller eigarinteresser i konkurrerande verksemd, hos kundar eller leverandørar
  • privat bruk av bedrifta sine eigedelar
  • forretningshemmelegheiter
  • gåver til og frå forretningskontaktar

Tilhøvet til kundar, leverandørar og konkurrentar

  • halde avtalar og oppfylle forpliktingar
  • omtale av konkurrentar
  • opplysningar om feil og manglar
  • forretningsmetodar
  • respekt for konkurranselovgivinga

Tilhøvet til medarbeidarar

  • respekt, ansvar, tryggleik
  • openheit for kritikk
  • samarbeid
  • relevant likebehandling

Rutinar når det gjeld etikk

  • krav til leiaroppfølging og opplæring
  • reaksjonar og oppfølging av brot på retningslinjer

Spesielle tilhøve for internasjonalt engasjerte bedrifter

  • For bedrifter som arbeider internasjonalt, vil det vere fleire tilhøve som kan krevje dekkande retningslinjer, mellom anna tilhøvet til menneskerettar og spesielle utfordringar knytte til korrupsjon.
  • Det kan òg vere nødvendig å vere spesielt merksam på takt og tone i andre land ein opererer i.
CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.11.2020

Læringsressursar

Etikk