Hopp til innhald

Fagstoff

Bil med betongtrommel

Her skal du lære om lastebilar med betongtrommel.
Biletet viser ein betongbil på ein byggjeplass.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betongbil

Betong blir transportert i ein roterande trommel, og betongen blir teken inn frå blandeverket gjennom toppen av trommelen. Så lenge det er betong i trommelen, eller han ikkje er reingjord, vil trommelen gå rundt. Skovlene inne i trommelen er skråstilte, slik at betongen blir pressa mot botnen (fremst) i trommelen.

Når ein køyrer, fører dette til at tyngdepunktet til lasten blir forskyvd framover, og at aksellasten framme blir stor. Når trommelen skal tømmast, endrar ein rotasjonsretninga til trommelen, rotasjonsfarten på trommelen aukar, og betongen blir pressa ut. Når arbeidsdagen er over, må trommelen tømmast og vaskast.

Biletet viser ein betongarbeidar og ein betongbil med renne.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betongen blir levert rett i forskalinga på byggjeplassen ved at betongen kjem ut av trommelen og ned ei renne, slik at han kjem på rett plass i forskalinga.

Det finst òg betongbilar som har ein lang hydraulisk arm med slange, som dei lossar betongen med. Då kan ein styre denne til forskalinga, og ein får då ei mykje lengre rekkjevidde.

Desse bilane blir kalla "pumpebilar."

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022

Læringsressursar

Betongarbeidaren