Hopp til innhald

Fagstoff

Lastebil med kran og lastebil med krokløftar

Her skal du lære om lastebilar med påmontert kran og om lastebilar med krokløftar.
Biletet viser ein lastebil med kran som løfter røyr.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lastebil med kran

Kran er eit vanleg utstyr som gjer lastebilen meir anvendeleg. Nokre kraner er så store at det er snakk om mobile kraner, mens andre er eit hjelpemiddel til lasting og lossing av køyretøyet.

Nokre kranbilar har krana montert framme, mellom førarhytta og lasteplanet. Nokre har krana montert bakarst på bilen, bak lasteplanet. Dette blir kalla frontmontert eller bakmontert kran.

Nokre bakmonterte kraner kan ein setje av og på, alt etter om ein har bruk for ho eller ikkje. Hugs at ein bil må lastast ulikt med krana på eller av, då krana ofte har ei betydeleg eigenvekt.

Ei lastebilkran kan ha mange ulike typar utstyr, som til dømes pallegaffel, tømmerklo, steinklo eller grabb. Krana blir operert ved bruk av spakar på krana eller med fjernkontroll.

Biletet viser ein lastebil med plan og frontmontert kran.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å kunne føre lastebilkran må du ha sertifisert opplæring og kompetansebevis på kran, klasse G8.

Lastebil med krokløftar

Krokløftar er ei anna innretning som gjer ein lastebil veldig anvendeleg. Sjølve påbygget på lastebilen består av ein stor arm som er hydraulisk styrt. Denne armen kan dra på konteinarar som er tilpassa systemet, og då kan konteinaren vere eit ope "lasteplan", ein tank, materiale eller kva vi måtte ønskje. Dette er eit system som blir meir og meir brukt.

Ein kan òg ha hengjar på krokbilen, og då bruker ein kroken på bilen til å laste konteinarar av og på hengjaren. Då set ein først konteinaren på bilen, ryggjer bilen inntil hengjaren og flytter konteinaren over på denne med kroken.

Biletet viser ein krokbil som trekkjer på ein open konteinar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krokløftarar har òg ein tippfunksjon ved at krokarmen blir låst og heile krokramma tippar opp konteinaren. På den måten kan han tippe massar ut av konteinarar eller kassar.

Biletet viser ein krokbil som tippar ein konteinar med tippfunksjonen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krokbilen har lås bak på ramma som låser konteinaren fast i bilen under transport.

Biletet viser dei raude krokane på lastebilen for låsing av konteinaren.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022

Læringsressursar

Påbygg