Hopp til innhald

Fagstoff

Bulk- og tanktransport

Bulktransport kan vi dele inn i to typar: transport av tørre stoff i laus vekt og transport av våte stoff (væsker) i laus vekt.
Grøn og gul bulkbil som transporterer to tankar med Felleskjøpet-logo på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transport av lause varer

Tanktransport er ein vanleg transportmåte innanfor bulktransporten. Innanfor vegtransport bruker vi gjerne omgrepet bulktransport i daglegtale når vi snakkar om transport av laus masse i tankkøyretøy. Transport av flytande væsker kallar vi gjerne tanktransport.

Slik kan vi skilje mellom tankpåbygg alt etter om dei fraktar flytande væske eller faste stoff i laus masse. Ein bil som fraktar til dømes kraftfôr, som på biletet over, blir kalla bulkbil, mens ein bil som fraktar til dømes mjølk til meieria, blir kalla for tankbil.

Bulktransport

Tørre bulkstoff er korn, sement, gjødsel, sukker, mjøl og så vidare. I bulktransport bruker ein avanserte tankpåbygg. Normalt lastar og lossar ein ved at stoffa blir droppa, eller sleppte, på og blir tippa eller pumpa av. For å hindre forstopping når lasta skal av, bruker ein til dømes trykkluft for at lasta skal bli flyktig.

Når ein skal skifte last, må ein reingjere tankane grundig. Reingjeringa kan ein gjere på spesielle anlegg for tankreingjering, eller ein kan gå ned i tankane og koste. Då er det viktig at ein følgjer dei tryggingsprosedyrane som gjeld.

Tanktransport

Transport av farleg gods

Den største gruppa av våte stoff som blir transporterte i tank på vegen, er drivstoff til køyretøy. Dette er farleg gods, og transporten er underlagd spesielle reglar. Føraren må ha gjennomført ei spesialisert opplæring og bestått krava til ADR-kompetansebevis for tankkøyring, sjå artikkelen ADR-kompetansebevis.

Tankbilar som fraktar farleg gods, skal ha oransje ADR-skilt med påskrift om fareklasse og UN-nummer for stoffet som blir transportert.

Akterenden av ein tankbil med Esso-logo og eit raudt klistremerke for brannfarleg væske og eit kvitt for miljøfare. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mjølketransport

Transport av mjølk består i å hente mjølka hos produsentane og køyre ho til meieriet for vidare foredling. Denne transporten kjem sjølvsagt ikkje inn under ADR-reglane. Det som er spesielt med mjølketransporten, er hygienekrava. Ein tek prøver av mjølka både hos produsenten og inne på meieriet, og etter lossing vaskar ein tankane grundig. Tankane er isolerte, slik at ein ikkje får problem med frost eller varme.

Tankutforming

Tanken på eit køyretøy er vanlegvis delt inn i fleire rom, slik at det er mogleg å transportere varer av ulik kvalitet og utnytte vektkapasiteten til køyretøyet. Romma kan ha slingreskott, som hindrar lasta i å bevege seg raskt frå ei side til ei anna.

Mjølkebil med to tankar med Tine-logo på. Foto.

Relatert innhald

Du må kjenne til merkinga av køyretøy som fraktar farleg gods, sjølv om du ikkje fraktar slikt gods sjølv. Merkinga er eit varsel til andre trafikantar.

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.12.2018

Læringsressursar

Påbygg