Hopp til innhald

Fagstoff

Metall-, kartong- og plastavfall frå næringslivet

Kva skjer med metall-, kartong- og plastavfall frå næringslivet?
Pressa aluminiumboksar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metall

Metall kan smeltast om og brukast på nytt, og metallavfall har derfor ein kommersiell verdi. Alle som produserer metallavfall, sel slikt avfall vidare til gjenvinningsbedrifter.

Det finst eit omfattande nettverk av bedrifter som sorterer, omarbeider og omset skrapjern og metall som aluminium og koparlegeringar. Ordninga omfattar også bilvrak.

Norsk returmetallforening organiserer bedrifter som driv med metallinnsamling og gjenvinning.

Kartong, bølge- og massivpapp

Bunt med pappemballasje. Foto.

Selskapet Norsk Resy AS administrerer innsamling og gjenvinning av brun fiber (kartong, bølge- og massivpapp).

Dei som sit med store mengder brukt kartong, bølge- eller massivpapp, kan inngå avtalar med etablerte returpapirhandlarar om henting, eller dei kan sjølve levere avfallet direkte til handlarane eller til papirfabrikkane for gjenvinning. Direktelevering er gratis, ved henteoppdrag skal den som hentar, ha betaling. Kartong- og pappavfall skal oppbevarast åtskilt frå anna avfall og på ein slik måte at det er eigna for gjenvinning.

Plastavfall

Selskapet Plastretur AS administrerer innsamlingssystemet for plastemballasje frå næringslivet i Noreg. Innsamlings- og ombrukssystema omfattar desse plasttypane:

Eingongsemballasje

  • folie/film
  • flasker, kanner, ballongar (inklusive kapslar)
  • beger, spann, boksar
  • esker, kasser, brett, pallar
  • storsekker i vove polypropylen (PP)
  • annan eingongsemballasje

Ombruksemballasje

  • nye ombruksflasker, ombrukskanner og ombruksballongar
  • nye ombruksesker, ombrukskasser, ombruksbrett og ombrukspallar
  • annan ny ombruksemballasje
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Berekraftig utvikling, miljøvennleg drift og grøn logistikk