Hopp til innhald

Fagstoff

Andre avfallstypar frå hushald

Her lærer du om korleis vi behandlar avfall som tekstilar, medisinrestar, elektrisk utstyr og bilvrak.
Foto av pressa bilar på ein vrakplass.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstilar

Tekstilar kan vi både bruke att og vinne att. Organisasjonane Frelsesarmeen og Ulandshjelp fra Folk til Folk samlar inn brukte tekstilar, og eigne returpunkt er etablerte. Tekstilar som ikkje er eigna til gjenbruk, blir kverna opp og mellom anna brukte som fyllmateriale i soveposar berekna på nødhjelpssendingar.

Medisinrestar

Medisinrestar frå hushald leverer vi til næraste apotek eller legesenter.

Elektronisk og elektrisk avfall (EE-avfall)

Forhandlarar av EE-produkt har plikt til å ta EE-avfall som er forbruksavfall, vederlagsfritt i retur ved forretningsstaden sin.

Mottaksplikta er avgrensa til EE-produkt som forhandlaren omset, og dessutan EE-produkt som forhandlaren tidlegare har omsett innanfor det same produktspekteret. Mottaksplikta er ikkje avgrensa til merke eller fabrikat.

I tillegg har kommunane plikt til å sørge for at det eksisterer eit tilstrekkeleg tilbod om vederlagsfritt mottak av EE-avfall som er forbruksavfall.

Bilvrak, bildekk og bilbatteri

Bilvrak skal leverast til godkjende bilvrakinnsamlarar. Mot vraking av bilen får eigaren utbetalt ein vrakpant, som skal stimulere bileigarar til å levere bilen til godkjende innsamlarar i staden for å etterlate han i naturen.

Kasserte bildekk som er forbruksavfall, skal ikkje brennast eller slengast i naturen, men skal leverast i retur til forhandlar. Bilbatteri skal òg leverast i retur til forhandlar eller til eit returpunkt for bilbatteri.

KFK-haldige kuldemøbel

KFK-haldige kuldemøbel er kjøleskap og frysarar som inneheld KFK-gass. Framleis kan eldre kjøleskap og frysarar innehalde slike gassar. I nye kuldemøbel bruker vi klimanøytrale kjølemedium.

Når vi kjøper slike elektriske produkt, betaler vi ei miljøavgift i tillegg til sjølve produktprisen. Etter at levetida til produktet er over, kan vi levere det tilbake til forhandlaren. Miljøavgifta vi betalte då vi kjøpte det, finansierer kostnadene forhandlaren har med å ta hand om det kasserte produktet.

Restavfall

Den avfallsdelen som blir igjen når vi er ferdige med å kildesortere, kallar vi restavfall. Kva som er restavfall, varierer med kor langt den enkelte kommunen har komme når det gjeld å innføre ordningar for kjeldesortering. Typisk restavfall er bleier og bind, plast og glas som ikkje er emballasje, støvsugarposar og tilgrisa papp, papir og plastemballasje.

Foto av palleramme med elektrisk avfall, mellom anna ein mikrobølgeomn, ein dataskjerm og ein kaffitraktar.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Berekraftig utvikling, miljøvennleg drift og grøn logistikk