Her lærer du korleis billettmaskiner registrerer trafikkdata for planleggingsføremål.
Kvar gong ein passasjer går på ein buss, blir følgjande registrert:
- billettkategori
- innbetalt beløp (avhengig av kor lang reisa er, eller kor mange soner passasjeren reiser over)
- påstigingshaldeplass (via GPS som viser posisjonen til bussen)
Dette gir grunnlag for å utarbeide statistikk som kollektivtrafikkselskapa kan bruke til å dimensjonere trafikktilbodet over trafikkdøgnet.
For at dette skal kunne gjerast, må sjåføren taste inn
- linjenummer eller rutenummer – du tastar denne informasjonen fordi GPS-mottakaren kan vere ute av funksjon
- avgangsnummer – sjølv om klokka på billettmaskina er riktig innstilt, kan ein ruteavgang vere forseinka, derfor skal du presisere avgangsnummeret
I morgonrushet, når etterspørselen er størst, kan ein trafikkere ei rute med 5-minuttsavgangar. Deretter kan tilbodet gå over til 10- eller 15-minuttsavgangar.
Trafikkselskapa tilpassar jamleg rutetilbodet til etterspørselen med utgangspunkt i trafikkstatistikken.
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019