Hopp til innhald

Fagstoff

Mottak av kundeordrar, stadfesting og klargjering for plukk

Kundeordrar må omarbeidast for at effektivt plukk skal bli mogleg. Her lærer du korleis.
Vareliste på tralle i lageret.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når ein butikk sender ein ordre til eit regionlager, står varene i tilfeldig rekkjefølgje på ordren. Dersom kunden ikkje har lagt inn ordren elektronisk, må ordremottaket gjere det.

Så snart ordren er teken imot, genererer datasystemet ei ordrestadfesting som blir send elektronisk i retur til kunden. For at ein avtale skal vere gjort, må begge partane ha stadfesta avtalevilkåra fullt ut overfor kvarandre. Ein kjøpsavtale er ikkje inngått før kjøparen har teke imot ei stadfesting på ordren. Frå dette tidspunktet er begge partane, både seljaren og kjøparen, bundne av kjøpsavtalen.

Kjøparen kan då ikkje utan vidare heve avtalen, og seljaren kan ikkje utan vidare unnlate å levere. Derfor er det viktig å få med alle vilkåra i ein kjøpsavtale frå starten av.

Deretter gjer datasystemet følgjande: Kundeordren blir splitta i delordrar eller plukklister på plukksoner. For kvar plukksone blir det generert plukklister der varene er sorterte i stigande varenummerrekkjefølgje, slik at plukk kan skje ved å følgje kortaste veg. Datasystemet held òg greie på adressa til kunden og veit kva for ein vekedag og til kva klokkeslett ordren skal vere ferdig plukka.

Plukklistene blir så lagde i kø i datamaskina til plukket skal skje. Då kjem plukklistene opp samtidig i dei ulike plukksonene, slik at delordrane kan plukkast samtidig for så å bli sette saman til den ferdige ordren.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Drift på terminal og lager