Hopp til innhald

Fagstoff

Fargar som verkemiddel i bilete

Fargar fangar merksemda vår, vekkjer kjensler, framkallar minne og skaper stemningar. Fargar kan vere ein del av komposisjonen i eit bilete, men også ha ei eiga symbolsk betyding.

Fargelære

Diskuter med ein medelev

  • Kva for fargar opplever de at "passar saman"?

  • Finst det fargar som ikkje passar saman? Forklar!

  • Kva fargar "slåst om merksemda"?

Kva vi opplever som harmonisk eller kontrastfylt, er ikkje tilfeldig. Når du skal beskrive korleis fargar blir brukte som verkemiddel, må du lære deg noko om korleis fargar påverkar kvarandre. Filmen øvst på sida gir ei innføring i fargelæra til Johannes Itten (1888–1967). Fargelæra hans kan hjelpe deg til å beskrive og forstå fargebruk i visuell kommunikasjon.

Varme og kalde fargar

Ittens fargesirkel. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Itten plasserte fargane i ein fargesirkel. Inst i fargesirkelen finn vi grunnfargane (primærfargane) raudt, blått og gult. Vi kan blande fram dei fleste andre fargane ved hjelp av dei.

Fargane i venstre halvdel av fargesirkelen kallar vi gjerne kalde fargar, mens fargane i høgre halvdel blir kalla varme fargar. Kalde fargar assosierer vi gjerne med kulde, klarleik og avstand. Varme fargar understekar varme og nærleik.

Kontrastar

Kontrastar fangar gjerne merksemda vår og gjer tydeleg bodskapen i eit bilete. Den sterkaste kontrasten får vi når vi stiller dei tre grunnfargane opp mot kvarandre. Også komplementærfargar (fargar som står overfor kvarandre i fargesirkelen) gir ein tydeleg kontrastverknad. Kald–varm-kontrast får vi ved å plassere kalde og varme fargar ved sida av kvarandre. Lys–mørk-kontrast er ein annan type kontrast som ofte blir brukt.

Fargerik veske mot ein kald, blå bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å kommunisere ved hjelp av fargar

Dei fleste av oss har ein yndlingsfarge som vi liker spesielt godt. Men eigenskapane til fargane oppfattar vi overraskande likt. Vi assosierer fargar med varme og kulde, med tyngd og noko lett, med ro eller aktivitet. Nettopp fordi vi har denne felles oppfatninga – denne innebygde tolkinga som er programmert i underbevisstheita vår – kan og bør vi bruke fargane som eit effektivt kommunikasjonsmiddel.

Idium (2020), eit mediebyrå som mellom anna leverer tenester innan digital marknadsføring, har laga ei oversikt over dei mest brukte fargane for bedrifter, og kva fargane blir assosierte med. Blå viser seg å vere den mest brukte fargen blant store merke i verda. På andreplass finn vi raud, og på tredjeplass er svart/grå-skalaen. På fjerdeplass dukkar gult opp.

  • Blå er påliteleg, truverdig, sikker og ansvarleg. Det er ein populær farge i flyselskap og i firma innan teknologi, helse, omsorg, finans, energi og jordbruk.
  • Raud er aggressiv, energisk, provoserande og fangar merksemda.
  • Svart er prestisje, verdi, tidløyse og (overdriven) eleganse.
  • Gul er positivitet, lys, varme, motivasjon og kreativitet.
  • Lilla er kongeleg, sofistikert, nostalgisk, mystisk og spirituell.
  • Grøn er rikdom, helse, prestisje og ro.
  • Oransje er vitalitet, moro, sprudlande og leiken.
  • Brun er jordnær, naturleg, enkel og haldbar.
  • Kvit er rein, uskyldig, nobel og mjuk.
Kvit kjole og svart dress med invitasjon til bryllup. Illustrasjon.

Fargesymbolikk

Fargar kan ha symbolsk betyding. Men kva ein farge betyr, kan variere frå kultur til kultur. I kulturen vår blir fargen gul ofte assosiert med falskleik, medan han står for truskap i Aust-Asia. Derfor er det viktig å tenkje nøye over kven som er den primære målgruppa vi kommuniserer med.

På ei grøn eng i måneskinn står ei ung kvinne kledd i ein kvit kjole og ei eldre, mager kvinne kledd i svart. Dei betraktar eit dansande par. Den dansande kvinna har på seg ein raud kjole, og mannen har ein mørk dress. I bakgrunnen dansar fleire par, der alle damene er kledde i kvitt og mennene i svart. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fargar kan dessutan ha fleire betydingar. Raudt kan til dømes symbolisere både kjærleik, varme, fare og revolusjon. Svart er ofte symbol for død og sorg. Kvitt kan òg symbolisere sorg, men står i tillegg for reinleik og fred. Blått er fargen til æva og symboliserer truskap og stabilitet. Frå gammalt av var fargen purpur reservert for kongen eller keisaren. (Mørstad & Tschudi-Madsen, 2021)

Kjelder

Idium (2020, 2. april). Bedre nettsider med rette farger. https://www.idium.no/b/bedre-nettsider-med-riktige-farger (idium.no)

Mørstad, E. & Tschudi-Madsen, S. (2021, 19. august). Fargesymbolikk. Store norske leksikon. http://snl.no/fargesymbolikk (snl.no)

CC BY-NC-SASkrive av Hege Røyert og Eva Hanselmann.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Innføring i grafisk design