Hopp til innhald

Fagstoff

Innkjøp og distribusjon av varer

Her lærer du korleis varekjeder utvekslar informasjon elektronisk mellom sentrallager, regionlager og butikkar, og at det er sentrallageret som gjer innkjøpa på vegner av kjeda som ei eining.
Rema 1000 sitt sentrallager på Langhus utanfor Oslo.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er innkjøpsavdelinga si oppgåve å sørgje for at lageret ikkje går tomt for varer. Medan eit sentrallager som regel må kjøpe inn varer frå industribedriftene med lange leietider, kan regionlagera normalt kjøpe inn varene sine frå sentrallageret med korte leietider. Ein stadig større del av daglegvarene våre kjem med båt frå Asia med ei leietid på to månader.

Leietid = tida som går frå bestilling til leveranse. Leietida varierer for kvar artikkel.

Sentrallager og regionallager
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar dag tek lager imot kundeordrar frå butikkar som skal ha butikkhyllene sine etterfylte. Nokon ordrar kjem elektronisk (via nettbutikk), andre kjem manuelt. Lagera gir ordrestadfesting til butikkane, anten elektronisk eller manuelt. Deretter klargjer lagera butikkordrane for plukk, noko som skjer elektronisk. Så følgjer ein manuell prosess med ordreplukk.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Drift på terminal og lager