Hopp til innhald

Fagstoff

Gresk stilhistorie

Det er særleg to ting ettertida har arva etter den greske stilhistoria. Den første er tre typar søyler som heldt taket på dei store tempelbygningane oppe: doriske, joniske og korintiske søyler. Den andre er skulpturar av naturlege menneske. Kroppen blei gjerne vist i rørsle.
Akropolis på toppen av ei høgde med byen Athen under. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunsthistorikarane deler gjerne perioden i fire:

  • den geometriske perioden: frå om lag 1000 til 700 før vår tidsrekning
  • den arkaiske perioden: frå 700 til 480 før vår tidsrekning
  • den klassiske perioden: frå 480 til 323 før vår tidsrekning
  • den hellenistiske perioden: frå 323 til 50 før vår tidsrekning

Utviklinga til keramikkvasen

Svart og kvit gresk vase som er dekorert med greske krigarar i silhuett og geometrisk mønsterbord. Foto.

I den første tida var dei materielle ressursane små. Vi har derfor først og fremst teke vare på keramikk, særleg vasar, laga av billig leire frå denne tida.

Namnet på perioden kjem av at vasedekoren var dominert av geometriske motiv. Etter kvart blir også menneske og dyr framstilte på vasane, gjerne måla i silhuett eller i ei sterkt abstrahert form.

Mot slutten av perioden blir det mindre geometriske motiv, og vi merkar sterkare innverknad frå aust. Denne overgangsperioden frå geometrisk til arkaisk periode blir derfor ofte kalla den orientaliserande stilen. Figurane på vasane er svarte på lys botn og har detaljar rissa inn i overflata.

Den største vaseproduksjonen skjedde på Korinth, som eksporterte keramikk til heile den greske verda, som strekte seg over heile det nordaustlege Middelhavet.

Utforminga til templa

På 600-talet blei det gjort to store oppfinningar som fekk innverknad på utforminga av templa: For det første blei taka tekte med vasstett takstein i brend leire, og ein fekk gavlar i bygningane, som førde til at ein kunne redusere takhallinga og dermed gjere bygningane breiare. For det andre begynner grekarane etter egyptisk mønster å hogge ut statuar av stein, gjerne digre i storleiken.

Tidlegare hadde dei laga søyler av tre, men no utvikla dei doriske, joniske og korintiske søyler. Vi kan ikkje automatisk sjå kor gammal ei bygning er av søyletypen. Det finst døme på at fleire søyletypar har vore nytta på den same bygninga.

Gresk tempel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Doriske tempel

Oseidons tempel i dorisk byggestil. Foto

På 500-talet får den doriske tempelarkitekturen ein sterk posisjon. Stilen er prega av å vere konstruktiv streng, utan figurar. Berre dei nøytrale delane av bygninga, metopane og gavlane, er smykka med fargestrålande skulpturar.

Den doriske søyla er den eldste og den enklaste.

Joniske tempel

Joniske søyler på tempelet Filippeion. Foto.

Dei joniske templa er kjenneteikna ved det overveldande talet på søyler som omgir sjølve tempelhuset. Heratempelet på Samos hadde til dømes 123 større søyler og ti mindre i den djupe forhallen.

Opprulla spiralar i dekoren er typisk for den joniske søyla.

Korintiske tempel

Kapitelet på ei korintisk søyle med detaljar av akantusblader. Foto.

Den korintiske stilen er oppkalla etter byen Korinth.

Akantusblad i dekoren er kjenneteikn på den korintiske søyla.








Skulpturar

Den antikke skulpturkunsten er kjend for å vise menneskekroppen på ein naturtru måte. På enkelte bygg blei det brukt menneskeskikkelsar som søyler: mannsskikkelsar (atlantar) og kvinneskikkelsar (karyatidar).

Greske søyler forma som menneskeskikkelser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gresk interiør

Den greske stilperioden har ikkje etterlate seg mange møblar, men på bileta på greske vasar kan vi sjå forseggjorde stolar, bord og senger.

Foto av stolar i stein.

Greske snikkarar tok i bruk dreiearbeid, og dei var flinke til å lage innlegg av mønster med andre tresortar og materiale og i tillegg treutskjeringar. Dei viktigaste tresortane var oliventre, taks (eit nåletre), ibenholt, sedertre og buksbom.

Allereie 300 år før vår tidsrekning blei benkane som blei nytta som senger, polstra. Stolbeina og stolryggene var vakkert innsvinga. Borda var låge og lette, så dei kunne bere dei, og beina var ofte forma som dyreføter.

Tekstilproduksjon

Produksjon av tekstilar frå ull til ferdige plagg var kvinnearbeid. Både fattige og rike kvinner måtte lære seg å spinne og veve. I ei kvinnegrav i Tyrkia datert til om lag 2500 år før vår tidsrekning, er det blant dei vakraste smykke funne eit spinnehjul laga av gull og sølv. Den andre nødvendige reiskapen var ei handsnelle, og den tredje ein enkel vevstol.

Både kvinner og menn bar ei lang trøye (tunika) og ei kappe (himation). Av tunikaer var det to typar: peplos, eit stort rektangulært tøystykke, vanlegvis laga av ull, festa saman ved skuldra, og chiton, som var laga av eit mykje lettare materiale, anten ullstoff eller lin. Kappa var anten drapert over den eine skuldra, eller over begge, som ein stola. Både kvinner og menn gjekk med sandalar, slippers, mjuke sko eller støvlar på beina, sjølv om dei heime gjerne gjekk berrføtte.

Handverket var opphavleg ei oppgåve som høyrde til det enkelte hushaldet, men frå 700 til 400 før vår tidsrekning skjedde det ein overgang frå naturalhushald til byteøkonomi. Arbeidet med metall, lêr, trearbeid og keramikk blei spesialisert, og gradvis overlate til slavar. Praktisk handverk blei sett ned på av dei fleste frie grekarane. I 429 før vår tidsrekning voks det fram ein ny klasse av eigarar av store handverksindustriar baserte på slavearbeid.

Åtte greske modellar med ulike typar bekledning. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018

Læringsressursar

Innføring i stilartar og uttrykksformer