Hopp til innhald

Fagstoff

Døme på informasjonsberarar for elektronisk formidling

Her lærer du litt om ulike informasjonsberarar og korleis informasjon kan komprimerast og pakkast ut ved handel og transport.
RFID-brikke.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eindimensjonale strekkodar har lenge vore den vanlegaste måten å registrere informasjon på. Organisasjonen GS1 (Global Standard One) har utvikla eit globalt varenummersystem basert på eindimensjonale strekkodar og strekkodelesarar. I dag arbeider GS1 med nye informasjonsberarar som kan registrere meir informasjon enn vi får plass til i ein strekkode. Eit døme på ein slik informasjonsberar er RFID-brikker (Radio Frequency Identificator). Bruken av RFID-brikker er i ein startfase. Eit anna døme er QR-kodar (Ouick Response-kodar), som er todimensjonale strekkodar. Slike kodar held på å få stor utbreiing fordi informasjon lagra på denne måten er eigna for formidling ved bruk av mobiltelefonar.

Ved hjelp av strekkodegeneratorar kan vi lage både éin- og todimensjonale strekkodar. For å lese informasjonen treng vi skannarar og leseprogram. Innanfor transportnæringa bruker vi skannarar til å lese eindimensjonale strekkodar i stor skala, og ein slik strekkode kan til dømes innehalde eit produktnummer eller eit sendingsnummer (fraktbrevnummer).

På nettsida forkort.no ser du eit døme på ein kodegenerator som kan generere ein QR-kode for eit visittkort: Du vel «vCARD», fyller inn informasjonen i feltet, og trykkjer på «Lag kode». Informasjonen i visittkortet ditt er no komprimert til ein todimensjonal strekkode som du kan sende elektronisk i staden for visittkortet i klartekst. Alle mottakarar som har lasta ned eit program eller ein «app» for lesing av QR-kodar, vil kunne få opp informasjonen i QR-koden for visittkortet ditt i klartekst.

Medan mobiltelefonnetta har avgrensa kapasitet til informasjonsoverføring, har datamaskiner kopla i nettverk mykje større kapasitet. Vi kan òg komprimere datamengder som skal sendast elektronisk mellom datamaskiner, og då bruker vi ein komprimeringsapplikasjon (til dømes eit zip-program). Etter å ha komprimert meldinga kan vi sende henne elektronisk til ein eller fleire mottakarar. For å kunne lese dei komprimerte dataa må mottakarane ha eit program (ein applikasjon eller «app») som kan pakke ut den komprimerte informasjonen.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.12.2018

Læringsressursar

Kommunikasjonsteknologi