Vindruer
På austkysten av Nord-Amerika finst det andre typar, til dømes Vitis labrusca og V. rotundifolia, men dei er i liten grad brukte til vindyrking andre stader fordi dei gir ein heilt spesiell smak («foxy taste»). Det blir sagt at smaken minner om lukta frå ein revegard.
Dei amerikanske typane er på si side resistente mot vinlusa, som er ein dei verste fiendane til vinplanten. Derfor er dei fleste moderne druene poda inn på røter frå amerikanske plantar. Normalt tek det 3 år før planten ber frukt. Dei kan bli 80–100 år gamle, men blir sjeldan brukte lenger enn i 50 år. Det blir heile tida jobba med krysning og tilpassing av druetypar slik at ein bruker den sorten som gir best resultat i det enkelte distriktet. Det har å gjere med ønsket om å få best mogleg kvalitet.
Det er stort sett òg forskjell på vindruer og matdruer. Vindruene er jamt over mindre og har tjukkare og seigare skal enn matdruene. Eit unntak er Muscat som blir brukt til begge delar.