Hopp til innhald

Fagstoff

Drua og druestokken

Det finst over 5000 druetypar, men berre cirka 100 er brukte til kommersiell vinproduksjon, og desse kjem i hovudsak frå arten Vitis vinifera. Drua består av skal, fruktkjøt, stein og stilk.


På skalet finn vi:

  1. Gjærsopp som ligg utanpå skalet og kan sjåast som eit gråkvitt belegg.
  2. Tannin (garvestoff) som er eit naturleg konserveringsmiddel og aukar haldbarheita til vinen. Dette har litt bitter smak, og om du tyggjer på skal eller druestein, kjenner du at du blir tørr på tunga. Det er garvestoffet.
  3. Pigment, fargestoff som set farge på raudvin. Vi har jo òg pigment i vårt skinn, og det er pigmentet som gjer at vi blir brune.

I fruktkjøtet finn vi sukker og vatn, i tillegg til ein del syrer og esterarar som gir smak og aroma.

I steinane finn vi òg tannin.

Stilkane inneheld så mykje tannin at dei aller fleste produsentane unnlèt å ta med stilkane i produksjonsprosessen. Drueklasane heller ein i ein maskin som skil stilken frå druene.

Vinbondens arbeid

Drueplanten er eigentleg ein slyngplante der greinene visnar kvart år. Kvar vår kjem det så nye skot som blir til greiner. Då er det viktig at vinbonden bestemmer kor mange greiner han vil at planten skal ha, og klipper bort (skjer til) resten.

Tilskjering


Det er viktig for vinkvaliteten at avlinga ikkje blir for stor. Vi seier at "kvalitet og kvantitet ikkje går saman". Vi må altså velje mellom stor avling og låg kvalitet og lita avling og høg kvalitet. Tilskjeringa om våren er noko av det viktigaste arbeidet vinbonden gjer. Det er òg stor forskjell på korleis ein lèt druestokken vekse. Nokre stader kryp greinene langs jorda, andre stader veks dei som buskar og nokre gonger langs høge stokkar eller pergolaer, og då kan dei danne "tak" der ein kan gå under og hauste druer.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Vin