Hopp til innhald

Fagstoff

Lydredigering i Audacity

Eit lydprogram blir brukt til å ta opp lyd, redigere lyd og lagre lydfiler. Dersom du ikkje alt har eit lydredigeringsprogram på datamaskinen din kan du laste ned gratisprogrammet Audacity.

Du kan bruke Audacity til å ta opp lyd, redigere lyd og lagre lydfiler i ulike format:

Nedlasting av Audacity lydprogram

Ta opp og lagre lyd

Når du skal gjere eit lydopptak, må du enten kople til ein mikrofon i mikrofoninngangen på datamaskina eller bruke den innebygde mikrofonen. Du kan også importere ei lydfil du allereie har teke opp på ein ekstern lydopptakar eller på mobilen.

Klipp bort dei delane av opptaket du ikkje vil bruke. Dersom du skal jobbe vidare med lydfilene, bør du lagre dei som wav-filer. Det er ukomprimerte lydfiler som beheld full kvalitet. Dersom du skal dele ei lydfil med andre på nett eller mobil, er det mest vanlege lydformatet Mp3. Mp3-filer er komprimert lydfiler.

Miks saman fleire lydspor

I Audacity kan du klippe saman ulike delar av eit lydopptak til ei samanhengande lydforteljing. Prøv å gjere overgangane "uhøyrlege". Då må lydnivået på klippa vere så likt som råd er. Det same gjeld den bakgrunnslyden som finst på opptaka.

Du kan også mikse fleire lydspor. Det betyr at du for eksempel kan legge på bakgrunnsmusikk eller lydeffektar.

Rettleiing steg for steg: Slik bruker du Audacity

Lydeffektar som du fritt kan bruke: freesound.org

CC BY-SASkrive av Jone Nikolai Nyborg og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2018

Læringsressursar

Innføring i lyd