Hopp til innhald

Fagstoff

Køyreplan for direktesending

I direktesende radioprogram har gjerne programleiaren gjester i studio og held kontakt med lyttarane via SMS. Utgangspunktet for ei direktesending er den køyreplanen programleiaren har laga i forkant.
Kvinne sit i lydstudio. Illustrasjon

Radio er gøy!

Mange medieelevar lagar korte direktesendingar der tilhøyrarane er andre elevar i klassen eller i kantina. Når du lagar ei slik sending, er det aller viktigaste at du har ei historie du vil fortelje. Ta utgangspunkt i eit tema du veit mykje om, og vel intervjuobjekta dine med omhug. Dei bør vere engasjerte og kjappe i replikken. Då blir det god radio.

Og hugs: Dess kortare eit innslag er, dess betre radio blir det!

Lag køyreplan

Det er fort gjort å misse fokus i ei direktesending. Køyreplanen hjelper deg til å halde hovudet kaldt. Ein køyreplan er ei oversikt over dei innslaga som skal vere med i sendinga, og korleis desse skal bindast saman med mellomstikk og musikk. I direktesendingar bruker ein ofte korte musikk-klipp eller lydeffektar (jinglar) mellom innslaga. Lag gjerne dine eigne jinglar. Det skaper liv i sendinga.

Du kan også leggje inn ein liten konkurranse som lyttarane kan delta i via SMS. Slik oppnår du direkte kontakt med dei som høyrer på under sendinga.

Førebu alle innslaga på førehand. Skriv ned mellomstikk og legg inn jinglar og musikkinnslaga som skal vere med i sendinga, på datamaskinen din før sendinga tek til.

Bruk eit skjema som dette når du lagar køyreplan for sendinga di:

innslag

kjelde

lengde/tid

start klokka

(jingel)

(datamaskin)

(00:00:00:05)

(11:00:00)

(introduksjon til tema og SMS-konkurranse)

(programleiar – namn)

(00:00:00:30)

(11:00:05)

(intervju i studio)

(intervjuobjekt – namn)

(00:00:02:25)

(11:00:35)

(musikkinnslag)

(datamaskin)

(00:00:01:30)

(11:03:00)

(utannonsering musikk – vinnar av SMS-konkurranse – avrunding)

(programleiar – namn)

(00:00:01:00)

(11:04:30)

(musikkinnslag – feidar ut)

(datamaskin)

(00:00:01:30)

(11:05:30)

(slutt 11:07:00)

Køyreplan Radio Loland

Filer

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2018

Læringsressursar

Produser lyd