Fagstoff

Utgifter og kostnader

Publisert: 06.02.2013
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Når ein sel ei transportteneste, gir det ei inntekt. Denne inntekta skal dekkje dei kostnadene som produksjonen medfører, og i tillegg bidra til eit økonomisk overskot.

Hugs at vi skil mellom utgifter og kostnader, og skilnaden forklarer vi enkelt med eit døme:

Når du fyller tanken på ein bil med drivstoff, inngår du ei betalingsforplikting. Du må betale for drivstoffet du har fylt, og dermed har du pådrege deg ei utgift.

Ein kostnad er når du forbruker ein produksjonsfaktor – drivstoffet blir altså ein kostnad når du startar bilen og bruker av drivstoffet. Kostnader kan vere variable eller faste. Drivstoff er ein variabel kostnad som avheng av kor mykje du køyrer, medan forsikring oftast er rekna som ein fast kostnad innanfor eit år.