Hopp til innhald

Fagstoff

Vareflyt for ei handelsbedrift

Her lærer du korleis handelsnæringa formidlar ferdigvarene til sluttbrukarane. Handelsnæringa formidlar ferdigvarer frå industrien til sluttbrukarane. For å klare dette har handelsnæringa organisert seg i daglegvarekjeder og faghandelskjeder.
Vising av at handelsnæringa består av eit grossistledd og eit detaljistledd. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Bygning med Coop-skilt. foto.

Døme på daglegvarekjeder er COOP, NorgesGruppen, Rema 1000 og ICA Norge. Døme på faghandelskjeder er Fargerike, som formidlar måling, og Brødrene Dahl, som formidlar VVS-artiklar (varme, ventilasjon og sanitær). Daglegvarer er varer vi treng ofte, medan varer frå faghandelen er varer vi bruker sjeldnare.

Varekjedene bruker eit sentrallager i Oslo-området og regionlager plasserte nær større befolkningskonsentrasjonar for å kunne etterfylle butikkane på kort varsel. Til dømes har REMA 1000 sentrallager på Langhus like utanfor Oslo og regionlager i Bergen, Trondheim, Molde og Narvik.

Regionlagra får påfylling av varer frå sentrallageret, medan sentrallageret kjøper inn nye varer frå industribedriftene i takt med den samla etterspurnaden frå alle kjedebutikkane.

Ulike varer stiller ulike krav til lagring og transport. Daglegvarer – til dømes lett bedervelege matvarer som kjøt og meierivarer – krev riktig temperatur. Ei faghandelsvare som røyr til oljeleidningar krev heilt andre transportløysingar. Vi finn derfor ulike transportløysingar (distribusjonskanalar) for dei ulike kjedene.

Somme bruker berre biltransport, andre bruker ein kombinasjon av bil, tog og båt. Til å levere daglegvarer til Svalbard bruker ein fly.

Hvit Rema1000 lastebil som står ved ei lasterampe. Foto
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.06.2022

Læringsressursar

Verdikjede og vareflyt