Hopp til innhald

Fagstoff

Definisjonar av viktige omgrep

Her definerer vi nokre viktige omgrep. I litteraturen finn du mange andre definisjonar. Dei definisjonane vi presenterer, er dei mest sentrale.
Hånd holder nøkkel med ordet begrep på. illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medan du les gjennom dette, bør du klikke på alle lenkjene du støyter på. Du finn definisjonen på omgrepa når du klikkar på enkeltorda. Når du klikkar på lenkja, får du ei meir utfyllande forklaring.

Eigaren av ei vare kan selje henne til ein kjøpar. Eigedomsretten til vara blir overført gjennom ein kjøpsavtale eller eit sal. Ein kjøpsavtale har to partar: seljaren og kjøparen.

Ved handel mellom næringsdrivande regulerer kjøpslova vilkåra mellom seljaren og kjøparen.

Ved handel mellom ein næringsdrivande og ein forbrukar regulerer forbrukarkjøpslova salsvilkåra. Ved netthandel (fjernsal) gir angrerettlova forbrukarar rett til å angre eit kjøp innan 14 dagar. Mange nyttar denne retten, og det skaper returlogistikk.

Forbrukerkjøpsloven § 1. Alminnelig virkeområde

Med forbrukerkjøp menes salg av ting til en forbruker når selgeren eller selgerens representant opptrer i næringsvirksomhet. Med forbruker menes en fysisk person som ikke hovedsakelig handler som ledd i næringsvirksomhet.

Kjøpsloven § 6. Hentekjøp

(1) Tingen skal holdes klar for henting på det sted der selgeren hadde sitt forretningssted (i tilfelle bosted jf § 83) da kjøpet ble inngått. Visste partene ved kjøpet at tingen eller det vareparti eller produksjonssted som tingen skal tas fra, var på et annet sted, skal tingen holdes klar for henting der.

(2) Tingen er levert når den er overtatt av kjøperen.

Kjøpsloven § 7. Plasskjøp og sendekjøp

(1) Skal tingen bringes til kjøperen på samme sted eller innenfor det område der selgeren vanligvis sørger for å bringe ut slike ting (plasskjøp), skjer levering når tingen mottas der.

(2) Skal tingen ellers sendes til kjøperen (sendekjøp) og annet ikke følger av transportklausul eller annen avtale, skjer levering ved at tingen blir overgitt til den fraktfører som påtar seg transport fra avsendingsstedet. Utfører selgeren transporten selv, skjer levering først når tingen mottas av kjøperen.

(3) Er tingen solgt «fritt», «levert» eller «fritt levert» med angivelse av et bestemt sted, anses den ikke levert før den er kommet fram til dette sted.

Nemninga i vegfraktlova for varer under transport er gods. Ved eit sendekjøp er seljar og kjøpar på ulike geografiske stader. Derfor må vara transporterast frå seljar til kjøpar. For å få gjennomført det opprettar seljar og kjøpar ein transportavtale. Partane i ein transportavtale kallar vi avsendar, fraktførar og mottakar. Det som skal sendast, kallar lova for gods.

Eit flytskjema gir rekkjefølgja til dei aktivitetane eller prosessane ei bedrift må gjennomføre. Når vi teiknar eit flytskjema, bruker vi eitt rektangel for kvar aktivitet. Om vi må velje mellom alternative aktivitetar, bruker vi ei valboks som er forma som ein rombe.

Figurer i flytskjema
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visse aktivitetar kan vere kritiske for at eit produkt skal fungere feilfritt. Då legg vi inn ei kontrollsløyfe i flytskjemaet. Om kontrollen viser at alt er ok, kan produksjonen gå vidare. Viser kontrollen avvik, må feilen rettast opp (sjå figuren nedanfor). Mellom kvart steg bruker vi piler for å vise rekkjefølgja til aktivitetane.

Lær å teikne eit flytskjema
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrepet vare blir oppfatta forskjellig alt etter kvar vi er i varekrinsløpet. Felles er at varer har vore gjennom ein produksjonsprosess der ulike innsatsfaktorar er omdanna til eit produkt. Ei vare som er innsatsfaktor på eitt steg, kan gå inn som ein del av ein komponent i ei anna vare på eit seinare steg.

Innsatsfaktor
Opne bilete i eit nytt vindauge

Varer blir sette saman av ulike innsatsfaktorar og omgjorde til eit produkt. Både innsatsfaktorar og produkt er handelsvarer som blir omsette mellom seljarar (produsentar) og kjøparar, som kan vere handelsbedrifter eller sluttbrukarar.

Døme

Ein bonde treng setjepoteter, jord og kanskje også gjødsel for å produsere poteter. Setjepoteter, jord og gjødsel er her innsatsfaktorar, medan nypoteter er ferdigvara. Produksjonen tek naturen seg av så lenge det er plusstemperatur i jorda og tilgang på vatn.

Ein bilmonteringsfabrikk treng komponentar og programvare for å produsere ferdige bilar. Komponentane og programvara er innsatsfaktorar, bilen er ferdigvara. Robotar, menneske og programvare sørgjer for at innsatsfaktorane blir sette saman til ferdige bilar.

Definisjon 1

Logistikk dreier seg om å styre vare-, penge- og informasjonsflyten mellom seljarar og kjøparar.

Definisjon 2

Logistikk dreier seg om nedstraums vareflyt, det vil seie vareflyt frå ein seljar til ein kjøpar eller frå råvareuttak til sluttbrukar.

Returlogistikk dreier seg om oppstraums vareflyt, det vil seie vareflyt frå ein kjøpar til ein seljar eller frå ein sluttbrukar tilbake til ein seljar eller ein produsent.

Det finst to hovuddefinisjonar av omgrepet, éin tradisjonell (1) og éin moderne (2):

Definisjon 1

Grøn logistikk er å ta hand om avfall etter at det har oppstått: gjenvinning frå grav til vogge.

Etter at eit produkt har enda levetida si, skal alt produktavfall omdannast til nye råmaterialar og råstoff. Her dreier det seg om å omdanne produktavfall til nye råmaterialar og råstoff.

Definisjon 2

Grøn logistikk er å førebyggje at avfall oppstår: frå vogge til grav og tilbake til vogge.

Her dreier det seg om å førebyggje miljøulemper gjennom heile levetida til et produkt. Produktet skal ikkje ureine under bruk. Alt skal kunne brukast på nytt etter at levetida er slutt. Målet er å unngå produktavfall og miljøureining i det heile.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Verdikjede og vareflyt