Hopp til innhald

Fagstoff

Kven bidreg til at ein transportkunde blir fornøgd?

Her lærer du at eit transportoppdrag består av ei kjerneteneste med tilleggstenester. Du lærer også at det er måten tilleggstenestene blir utført på, som avgjer om ein kunde blir fornøgd eller ikkje.
Bussjåfør og passasjer i samtale på bussen. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Både service- og vedlikehaldspersonell, administrativt personell og sjåførar er med på å oppfylle behova som passasjerane har. Service- og vedlikehaldspersonellet bidreg med reine og driftssikre bussar. Det administrative personellet bidreg til dømes med rutehefte og riktig bemanning av ruteavgangane ut frå tidtabellane. Sjåførane bidreg i kraft av seg sjølve under køyreturen, og dei bidreg også med informasjon om riktig bruk av hjelpemidla i bussen.

Figuren under illustrerer korleis dei ulike partane er med på å oppfylle transportbehovet til kundane.

Element ved persontransport for å oppnå fornøgde passasjerar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit transportoppdrag består av ei kjerneteneste med tilleggstenester. Kjernetenesta er sjølve transporten frå A til B. På figuren er kjernetenesta illustrert ved den gule trekanten. Vidare ser du ein sirkel med tre blå sekantar. Desse illustrerer at tre partar bidreg med tilleggstenester: service- og vedlikehaldspersonellet, sjåføren og administrasjonen elles. Feilfrie tenesteleveransar frå alle tre partar er nødvendig for å oppnå tilfredse kundar.

I situasjonar der fylkeskommunar har kjøpt kollektivtransport ved ein anbodskonkurranse, er transportadministrasjonen i fylkeskommunane også ein del av støtteapparatet. Då får vi fire partar som bidreg for å gjere kundane tilfredse. Fylkeskommunane bestemmer i slike situasjonar rutetilbodet, fastset tidstabellen og takstsystemet. Denne informasjonen annonserer dei både på papir og på Internett. Dei utformar også delar av infrastrukturen, til dømes haldeplassane med leskur og rutetavler.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Tekniske og servicerelaterte hjelpemiddel