Hopp til innhald

Fagstoff

Tekniske sikkerheitstiltak

Alarmanlegg, inngangskontroll og videoovervaking er tekniske sikkerheitstiltak.
To vektarar som følgjer med på fleire kameraovervakingsskjermar. Foto.

Alarmar

Alarmar blir utløyste ved hjelp av detektorar. Det finst fleire ulike typar detektorar. Dei kan mellom anna reagere på rørsle, mikrobølgjer, vatn, røyk eller temperatur.

Alarmar eller sensorar kan òg monterast på enkeltgjenstandar, til dømes på bilar som blir brukte til verditransport. Poenget er å kunne finne tilbake til det som er stole, ved hjelp av eit sikkerheitssystem – Guard System.

Alarmar og sensorar bør òg vere knytte til ein alarmsentral, gjerne hos eit vektarselskap. Dette er eit manuelt tryggingstiltak, sidan bedrifta kjøper ei teneste.

Videoovervaking

Saman med alarmar er videoovervaking noko mange bedrifter bruker – både inne og ute. Videoovervaking blir som regel brukt for å hindre tjuveri, ran, hærverk og overfall.

Videoovervaking må vere avtalt med dei tilsette, særleg dersom formålet er å avdekkje internt svinn. Vi har nemleg ei streng personopplysningslov i Noreg. Lova krev at det står skilt om at område blir videoovervakte. Lova har òg reglar for korleis film og bilete skal behandlast og lagrast.

Tilgangskontrollsystem

I tillegg til desse tekniske tiltaka er det viktig å kontrollere kven som kjem inn i bygningane til bedrifta. Det blir gjort ved å ha eit tilgangskontrollsystem. Dei fleste slike system har ID-kort med namn og stilling på den tilsette.

ID-kortet blir brukt til å låse opp dører. Systemet gjer det mogleg å ha soneinndeling som gir ulik tilgang til ulike område, som kontor og etasjar. Nokre tilgangskontrollsystem registrerer òg passeringar.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.03.2021

Læringsressursar

Sikkerheitstiltak