Aktualitet

Å leve med hiv

Publisert: 28.11.2012, Oppdatert: 04.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
VIDEO: Intervju med Louis Gay som har levd med ein hivdiagnose sidan 2010. 

logo aktualitet   

   

 

 

 

Rød sløyfeRAUD SLØYFE: Den raude sløyfa, som vart skapt av hivpositive i USA, har vorte eit symbol på kampen mot hiv og aids.

 

 

 

 

Visste du at
FN kritiserer Noreg for å kriminalisere hivpositive, og ber norske myndigheiter om å fjerne den såkalla hiv-paragrafen i straffelova.

 

 

 

 

Kronprinsesse Mette-Marit MEIR KUNNSKAP: Kronprinsesse Mette-Marit meiner kunnskap er det viktigaste middelet til å motarbeide fordommar mot hivpositive. – Eg trur alle, også helsevesenet, treng meir kunnskap om hiv og aids, seier kronprinsessa. 

Verdsdagen for aids 1. desember

1. desember er verdsdagen for aids. Denne dagen set vi søkjelyset på dei store problema som hiv og aids fører med seg, og vi viser solidaritet med dei som er ramma og med deira pårørande. Les meir. 

Besøk sida #zerodiscrimination 

Henki Hauge gav hiv eit ansikt

Henki Hauge Karlsen var den første som stod fram offentleg som hivpositiv i Noreg. Han kjempa ein lang og slitsam kamp for å få tilbake jobben han vart sagt opp frå fordi han hadde hiv. I september 1988 vann han i Høgsterett. Les saka her.     

 

Oppgåve 1

Skriv eit essay

Sjå video om Louis Gay som er hivpositiv og les om Henki Hauge.
Korleis er det å leve med i hiv i Noreg i 2012 sett opp imot korleis det var i 1988?


Stikkord: behandling, medisinar, skam, stigma, kunnskap...

 

Oppgåve 2

Diskuter!

Skeiv Ungdom er ein frivillig organisasjon som mellom anna jobbar for betre fysisk og psykisk helse blant unge homofile og transpersonar. Dei er bekymra for at talet på hivpositive i landet aukar. Diskuter krava Skeiv Ungdom har stilt til norske myndigheiter:

 

  • at kunnskap om hiv blir ein del av seksualundervisninga i skulen.
  • at ungdom må inkluderast i det hivførebyggjande arbeidet, både nasjonalt og lokalt.
  • at Noreg fjernar §§ 237 og 238 i den nye straffelova (tidl. § 155), som kriminaliserer seksuallivet til hivpositive.
  • at Noreg skal vere ein aktiv forkjempar for å fjerne kriminalisering og reiserestriksjonar internasjonalt.

 

Fakta om hiv og aids

  • Omkring 34 millionar menneske lever med hivsmitte verda over.
  • Dei siste 30 åra har over 25 millionar menneske døydd av sjukdommen.
  • Hiv-viruset bryt ned immunforsvaret i kroppen og gjer han utsett for andre sjukdommar. Aids er eit avansert stadium av infeksjonen.
  • Det er ikkje funne nokon måte å kurere smitta på, heller ikkje noko vaksine.
  • Såkalla antiretrovirale medisinar kan halde hiv-viruset i sjakk.

Kjelder: WHO, aids2012.org, Store Norske Leksikon.

Relatert innhald