Hopp til innhald

Fagstoff

Tiltaksplanar

Ein tiltaksplan er ei oppsummering av det som må gjerast for å redusere risikoen i verksemda. Tiltaksplanen blir laga på grunnlag av ein risikoanalyse.
Armar som samarbeider over eit bord med post-it-lapper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljølova krev at bedrifter skal utarbeide planar og setje i verk tiltak for å redusere risiko.

Foreslå sikkerheitsstiltak i ein tiltaksplan

Under arbeidet med å gjennomføre ein risikoanalyse, kartlegg vi uønskte hendingar, og lagar dessutan ei risikovurdering for desse hendingane.

Sikkerheitstiltaka som vi foreslår, kan ha to ulike formål.

Dei skal enten redusere sannsynet: Tiltaka skal hindre at den uønskte hendinga skjer.

Eller redusere konsekvensane: Tiltaka skal redusere skadane om ei uønskt hending skjer.

Tiltaksplanen blir ofte opp sett i ein tabell. Planen skal vere enkel å følgje opp, og gjerast tilgjengeleg for alle medarbeidarane, til dømes på .

Her ser du eit døme på ein påbegynt tiltaksplan:

TILTAKSPLAN FOR LEIKEBUTIKKEN AS

Dato: 21. august 20xx
Signatur: MGS

Uønskt hending

Risikotal*

Tiltak

Tidsfrist

Kostnad

Ansvarleg

Tjuveri

4

Kurs for tilsette

Sentervektar innom
1 gong i timen

Alarmbøyel ved utgang
og alarmer på
leikane

30.08.11

01.01.12

01.10.11

3000

Ingen

30 000



Dagleg leiar

Dagleg leiar

Dagleg leiar



Brann

3

Mobbing

3

*Risikotalet er overført frå risikoanalysen, der vi har vurdert sannsyn og konsekvens.

Gjennomføre og følgje opp tiltaksplanen

Etter at tiltaksplanen er laga, er det sjølvsagt viktig at han blir følgt opp. Den ansvarlege (dagleg leiar i mindre bedrifter eller sikkerheitsansvarleg/HMS-ansvarleg i større bedrifter) må rapportere om kva tiltak som er sette i verk.

For Leikebutikken AS i dømet over vil det vere naturleg å la tilsette gå på kurs, slik at dei får auka kompetanse for å kunne handtere tjuveri og ran. Kanskje treng dei eit slikt kurs annakvart år for å kjenne seg trygg.

Kostnaden ved å investere i alarmbøyel ved utgangen er stor. Kanskje viser det seg at budsjettet ikkje har rom for denne investeringa likevel. I så fall må dagleg leiar revurdere tiltaksplanen, og sjå om det er andre tiltak som kan gjere same nytta som ein alarmbøyel.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.03.2021

Læringsressursar

Sikkerheitstiltak