Hopp til innhald

Fagstoff

Svinn ved prising

Det å setje riktig pris på ei vare er veldig viktig. Prisen er heilt avgjerande for kor mykje pengar bedrifta skal tene på vara.
Kalkulator i hånd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag priser ein ikkje så ofte varer manuelt, men det skjer. Det er då viktig å kontrollere at prisen faktisk stemmer. Dersom det er prislappar på vara, er det viktig at tilsette har kontroll på prisen når kunden skal betale. Det skjer nemleg at kundar byter prislappar. Kunden kan setje ein annan og lågare pris på vara enn den som er reell. Dette kallar vi tjuveri gjennom å endre prisen.

Ved maskinell prising må ein stille inn prismaskinen riktig. Tenk om det blir ståande kr 9,90 i staden for kr 99,00! Det er fort gjort å setje komma eit lite hakk feil.

I dagens teknologiske verd registrerer ein ofte pris ved hjelp av datasystem. Ein skannar då strekkoden eller eit anna kjenneteikn på vara og legg deretter inn prisen på vara. Det er då viktig å vere konsentrert når ein legg inn prisar, så ein ikkje registrerer feil pris. Ei rimeleg vare som får feil pris, kan gi butikken eit stort tap dersom veldig mange kjøper vara på kort tid.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Førebygging av ran og svinn