Hopp til innhald

Fagstoff

Svinn ved bestilling

Allereie ved bestilling av varer kan vi leggje grunnlaget for å unngå svinn. Det er for eksempel viktig å bestille riktig tal. Store bestillingar kan gi store lager, og det er ofte slik at store lager er vanskelegare å ha full kontroll på. Dette kan føre til at svinn lettare oppstår.
Oppdatering av varelager med strekkodeleser
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bestillingsmåtane innanfor daglegvarehandelen kan variere. Men i alle tilfella er det viktig å vere nøye, slik at moglegheitene for svinn blir reduserte til eit minimum.

1. Manuell bestilling ved tilsette

Ved manuell bestilling skjer bestillinga direkte frå dei tilsette til ein leverandør. Innanfor daglegvare kan ein person for eksempel ha ansvar for å følgje med på både lageret og omsetninga av frukt og grønt, slik at det blir bestilt nye varer etter behov. For eksempel kan den ansvarlege ringje inn til leverandøren kvar ettermiddag.

2. Manuell bestilling etter råd frå leverandørane

I større daglegvarebutikkar hender det at leverandørane føreslår bestilling av visse varer, eksempelvis mineralvatn. Forslaga er baserte på erfaring. Bestillinga må sjølvsagt bli godkjend av butikksjefen eller den som har ansvaret for varegruppa.

3. Elektronisk bestilling ved skanning

Butikksjefen eller ein ansvarleg går rundt i butikken med ein handskannar og bestiller det talet på varer han ønskjer av ei bestemt varegruppe, for eksempel Toro tomatsuppe eller dei ulike variantane av Lerum syltetøy. Skannaren blir kopla til nettet, og ordrane blir sende automatisk til leverandøren. For ein daglegvarebutikk vil leverandøren vanlegvis vere ein stor grossist.

4. Elektronisk bestilling ved bruk av integrerte administrative system for lagerhald og bestilling

Sidan alle kjøp blir registrerte i kassa ved hjelp av strekkodar, veit systemet kor mykje som er igjen av dei ulike varene. Når ei vare passerer eit bestemt tal (for eksempel at det er færre enn fem igjen av vara i butikken), bestiller systemet automatisk nytt.

Eit slikt system er ”mata” med tal ut i frå tidlegare års sal og sesongvariasjonar. Ein et f. eks. meir is om sommaren enn om vinteren.

Kledebransjen

Innanfor kledebransjen er det ofte slik at eigar eller tilsette dreg på messer og ser kva som er neste sesongs trendar. Tal på bukser, genserar, jakker, skjerf osb. blir ofte bestilte på messene eller rett etterpå.

For dei store kjedene – som H&M – får dei ulike butikkane varer basert på kva hovudkontoret meiner den enkelte butikken skal selje. Manuelle bestillingar er vanlege innanfor klede, mens det altså kan variere kven som bestemmer kor mye som skal bli bestilt.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Førebygging av ran og svinn