Hopp til innhald

Fagstoff

Kva budsjettkontrollen betyr for drifta

Budsjettkontrollen bedrifta gjer, vil verka inn på den vidare drifta. I ytste konsekvens kan styret vedta å leggje ned bedrifta viss det ikkje er grunnlag for vidare drift. Men vanlegvis er ikkje tiltaka så drastiske.
Fire stykker som gir kverandre ein high five. Foto.

Styret sitt ansvar

Rolla budsjettkontrollen har i forhold til budsjett og rekneskap
Opne bilete i eit nytt vindauge

Styret har ansvar for å følgje med på drifta i verksemda. Vi har sett at budsjettet og rekneskapen er viktige hjelpemiddel i dette arbeidet. Andre virkemiddel ein kan bruke, er nøkkeltalsanalysar, som vi skal behandle seinare.

Storleiken på eigenkapitalen

Styret må spesielt overvake storleiken på eigenkapitalen. Eventuelle underskot vil redusere eigenkapitalen. Budsjettkontrollen og ein analyse av resultatrekneskapen vil avdekkje farar for underskot. Viss det ikkje er grunnlag for vidare drift, skal styret vedta å leggje ned bedrifta. Men normalt er ikkje konsekvensane så drastiske.

I somme tilfelle kan det vere svært vanskeleg å finne både årsaker og relevante tiltak. Vi kan då velje ”å vente og sjå” til vi har funne dei rette løysningene. Dette kallar vi å konsolidere.

I dei fleste tilfella er årsakene og dei nødvendige tiltaka ganske openberre. Tiltaka ein set i verk, kan ha verknad på organiseringa, opplæringa, bemanninga og kostnadsnivået i bedrifta.

Tiltaka kan av og til vere smertefulle for bedrifta, avdelingar eller enkelte av medarbeidarane. Dette gjeld ikkje minst i samband med permisjonar eller oppseiingar.

Framtidige investeringar

Kva for tiltak ein set i verk, kan også ha innverknad på kor store investeringar ein kan gjere i framtida. Eigarane tør kanskje ikkje å utvide satsinga på bedrifta dersom rekneskapstalla viser fare for underskot. Også den likvide situasjonen kan påverke dette. Det er nemleg ikkje sikkert at banken er viljug til å utvide med den kreditten som gjer investeringar moglege.

Den likvide situasjonen kan ein lese ved å budsjettkontrollere likviditetsbudsjettet og dei reelle tala frå ein periode.

Viss rekneskapen viser mykje betre resultat enn budsjettert, kan dette få positive følgjar for den videre satsinga. Det kan innebere ei meir offensiv satsing.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Budsjettkontroll