Hopp til innhald

Fagstoff

Tiltak mot budsjettavvik

Når vi har gjennomført ein avviksanalyse, og funne dei viktigaste avvika mellom rekneskap og budsjett, må vi gjere noko med årsakene til avvika. Jo før vi set inn tiltak, dess mindre blir skaden.
Mann som sover i ein stol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er normalt den vanskelegaste delen av jobben. Vi må vere handlekraftige. Av og til må vi kanskje påpeike at medarbeidarar ikkje har gjort den jobben som er forventa.

Avgjere tiltak

Det er først når vi set i verk tiltak til forbetringar at budsjettet og rekneskapen blir den styringsreiskapen og det avgjerdsgrunnlaget som dei er meinte å vere.

Det er naturleg at leiargruppa møtast for å drøfte nødvendige tiltak. Medlemmene av gruppa bør på førehand ha fått avviksanalysen og ein del faktaopplysningar knytte til dei sannsynlege årsakene.

Leiargruppa bør begynne med å sjå på dei største avvika. Normalt er det inntektene som er mest utfordrande. Det er nemleg vanlegvis lettare å styre kostnadene enn inntektene. Å skaffe tilstrekkelege inntekter er ofte flaskehalsen i ei bedrift.

Kva må vi gjere? Må vi ta omsyn til ein sterkare konkurranse? Er varesortimentet feil eller utilstrekkeleg? Har seljarar eller ordemottakarar fått tilstrekkeleg opplæring? Yter vi god nok service? Er det nokon som ikkje gjer det som er forventa av dei?

Som du ser – årsakene kan vere mange. Det kan også vere vanskeleg å finne dei rette tiltaka. I ytste konsekvens kan medarbeidarar som sviktar, bli sagde opp. Men dei må i første omgang bli hjelpte til å yte betre.

Vi har altså sett at avviksanalysen har tre fasar:

Dei tre fasane i avviksanalysen

1. identifisere avvika
2. finne årsakene til avvika
3. treffe tiltak

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Budsjettkontroll