Hopp til innhald

Fagstoff

Økonomistyring

Økonomistyring handlar om å ha kontroll på økonomien og setje i verk tiltak som gjer at ei verksemd når måla sine. Føremålet med å drive ei verksemd er å tene pengar. Stort økonomisk medvit er viktig, og bedrifta bør bli styrt deretter.

veg med retningspiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kvifor må ein styre bedrifta?

Det skjer myke i ei bedrift i løpet av ein dag, ei veke, ein månad eller eit år. Avhengig av storleiken på bedrifta skjer mange ulike ting som alle påverkar økonomien til bedrifta.

Ein får ordrar, leverer varer, sender fakturaer, bestiller varer, får fakturaer, betaler ut og får inn pengar, bruker utstyr, opplever å få skadar osb. Bedrifta er som ein levande organisme med pulserande verksemd.

Bedrifta må derfor vere godt organisert og ha gode rutinar. Viss reglar og rutinar manglar, rår kaoset i staden. Kaos bryt ned, medan leiing og god organisering byggjer opp.

Somme aktivitetar styrkjer økonomien i bedrifta, andre svekkjer økonomien. For å styre økonomien i bedrifta slik at vi held kontroll med dette, kan vi bruke budsjettet.

Ein må lage eit budsjett for bedrifta for kommande periode, og vi må fortløpande kontrollere at vi når budsjettmåla våre. På den måten kan vi styre økonomien, og – om nødvendig – leggje om kursen i tide. Vi kallar ofte dette for budsjettkontroll.

Oppgåve

Ta utgangspunkt i din eigen økonomiske situasjon. Kva har du kontroll på? Kva har du ikkje kontroll på? Veit du kva for rekningar som kjem til kva tid? Har du pengar på konto til å betale rekningane i rett tid? Viss ikkje, kva må du gjere for å få betre kontroll? Diskuter i grupper på to eller fleire.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Budsjettkontroll